- Historikken omkring forvatlninga av dei automatisk freda kulturminna ved skuleområdet på Velle går attende til 1960-talet, og er ei lite flatterande historie med tanke på ivaretakinga av kjeldeverdiane til kulturminna her, skriv museumsdirektør Henrik von Achen og seksjonssjef Asle Bruen Olsen i eit brev til Riksantikvaren om tomta på Velle der Ørsta kommune no ønskjer å bygge ny fleirbrukshall.

Det er tidlegare påvist ei rekkje kulturminne i området, mellom anna kokegroper, eldstader, sjakter, dyrkingslag, ardspor og gravhaugar. Mest kjend for dei fleste er nok gravhaugane ved Ørsta ungdomsskule.

Ikkje daterte

Ingen av kulturminna er daterte, men arkeologane meiner dei mest truleg stammar frå romartida eller folkevandirngstida (0-550 e.kr.), men utelukkar heller ikkje at dei kan stamme frå den yngre jarnalderen. Universitetsmuseet meiner kjeldeverdien til kulturminna er høg.

Universitetsmuseet har gått gjennom historikken rundt forvaltninga av fornminna, og rettar skarp kritikk mot korleis dei har vorte handsama. Gravhaugane vart registrerte allereie i 1947, av Per Fet. På 60-talet vart dei ramponerte av anleggsmaskinar.

– Dette ville i dag vore eit svært alvorleg brot på kulturminnelova. Løysinga mellom det som den gong heitte Hitorisk museum og Ørsta kommune var at kommune tok på seg å rekonstruere gravhaugane.

I 2005 vart det registrete nye forminne vest for gravhaugane. Universitetsmuseet i Bergen meinte dette kunne gitt viktig kunnskap om gravhaugane.

Både museet og fylkeskommunen meinte den gongen at arkeologiske utgravingar måtte vere vilkår for å gi dispensasjon til utbygging av området. Riksantikvaren såg bort frå dette.

- Det er overraskande, og etter vårt syn ikkje i tråd med praksis når det gjeld kulturminne av denne type og omfang, skriv universitetsmuseet.

Det førebels siste kapittelet i soga er frå 2011. Då vart det gjort ulovlege inngrep i kulturminna i samband med etablering av ei busslomme.

Under sterkt press

- Alt i alt sit vi med eit inntrykk av viktige kulturminne som har vore under sterkt press i snart 50 år. Det har vore fleire ulovlege inngrep i området, og måten kulturminnevernet har handsama sakene på har ikkje vore heldig.

Universtitetsmuseet meiner det no er viktig at det blir gjort skikkelege arkeologiske utgravingar før det blir ny utbygging i området. Dei er usamde med Møre og Romsdal fylkeskommune, som vil grave ut delar av området og bevare andre delar.

- Vi meiner det er lite hensiktsmessig å bevare ein liten flik av lokaliteten. Han bør bli gravd ut i sin heilskap, og bli gitt dispensasjon for i sin heilskap. Det sikrar ei best mogleg forståing av dei kjeldene som blir dokumentert.

Arkeologane ved universitetsmuseet trur ei utgraving kan gi større kunnskap om kulturminna i området, og produsere kjelder til kunnskap om gardsutviklinga på Velle og området ved dagens Ørsta sentrum.

Kritisk: Henrik von Achen er direktør ved Universitetsmuseet i Bergen. Foto: UIB