Fylkesmannen har såleis delvis teke ei klaga frå Bucci Arkitektur & Design til følgje.

Bucci Arkitektur & Design klaga på eit vedtaket frå samfunnsutvalet i Ørsta som gav firmaet ei bot på 50.000 kroner i samband med renoveringa av Tindebygget.

Samfunnsutvalet fann ikkje at klaga la fram nye moment som gjorde at saka burde handsamast på nytt eller endrast. Og samfunnsutvalet stod fast på sitt vedtak og sende saka til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Gjorde vedtak

Det var i juni at samfunnsutvalet fatta vedtak etter plan- og bygningslova, der det vart gitt gebyr for brot på vilkår om fargeval på Tindebygget. Det aktuelle vilkåret i dispensasjonsvedtaket har fylgjande ordlyd: Samfunnsutvalet set som vilkår at fasadane skal vere lyse, jf. målsettinga om Ørsta som ”den kvite byen” i tettstadanalysen 1999.

klaga på vedtaket og klaga la i hovudsak fram at når vedtaket viser til tettstadanalysen, så må setninga ”fasadane skal vere lyse” vurderast opp mot innhaldet i tettstadanalysen elles. Kommunen har lagt til grunn at samfunnsutvalet gir eit pålegg om bruk av lyse fargar, og at visinga til tettstadanalysen er for å forklare kvifor dei kjem med eit slik krav.

Klaga tek opp spørsmålet om samfunnsutvalet skal bestemme fargeval i kvar einskild sak.

Bucci Arkitektur & Design meinte at kommunen ikkje har grunnlag for å påstå at Tindebygget er forma ut i strid med samfunnsutvalet sitt vedtak om dispensasjon. Firmaet meiner dei estetiske retningslinene ikkje er eintydige, og stite spørsmål om det er opp til samfunnsutvalet å vurdere frå sak til sak kva tiltak som skal vere lyse eller konstaterande. Klagar meiner at Tindebygget slik det står fram i dag er godt innanfor intensjonane i dei etiske retningslinene. Det vert også vist til at fargebruk ikkje er ein del av reguleringsføresegnene.

Bucci Arkitektur & Design meinte seg personleg angripen og ønskte saka vurdert av ein nøytral profesjonell part. Dermed hamna saka på Fylkesmannen sitt bord for ei vurdering om kommunen si sakshandsaming og vurderingar var i samsvar med gjeldande rett.

Sentralt i saka er tolkinga av vilkåret om at fasadane på Tindebygget skal vere lyse.

– Det er ikkje presisert nærare om dette vilkåret omfattar heile eller delar av fasaden, og klagar har tolka dette slik at dette skulle gjelde dei delane av fasaden som ikkje var dekt av glas. I samband med vilkåret er det vist til målsetjinga om Ørsta som «den kvite byen» i tettstadsanalysen. I denne er det vist til ein gjennomgåande bruk av kvite og lyse fargar, og at Ørsta skal stå fram som den kvite byen med lyse fargar på husa. Sjølv om denne ikkje kan seiast å ha noko rettsleg bindande verknad i seg sjølv, vil den likevel vere med og belyse kva som ligg i det aktuelle vilkåret. Fylkesmannen vurderte det slik at når ein ser dette i samanheng, er det naturleg å forstå vilkåret slik at ein stiller krav om at heilskapsinntrykket av fasaden skal vere lys. Når det på dei vesentlege delane av fasaden er nytta mørke glasfasadeplater, finn Fylkesmannen at dette er i strid med vilkåret.

Det seier assisterande direktør Janne Woie hos Fylkesmannen. Ho meiner arkitektfirmaet burde ha undersøkt nærare forståinga av innhaldet i vilkåret for fasaden. Ho meiner også at kommunen kunne ha vore tydelegare på innhaldet i vilkåret. Fylkesmannen er samd i at det må verte gitt ei bot, men reduserer storleiken frå 50.000 til 40.000 kroner. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.