– Det er kollegaene her på huset som er årsaka til veksten. Dei er unike, og har ei ekte sunnmørsk yrkesstoltheit, rosar dagleg leiar Jan Runar Holsvik.

15-årsjubileum

Tidlegare i år markerte selskapet, som er lokalisert på Rystelandet, 15-årsjubileum. Og det er ein jubilant i sterk vekst som no har lagt bak seg 2016: Trass utfordringar med den norske kronekursen, tok verksemda marknadsdelar gjennom sal av dører og andre byggevarer i Noreg. Og botnlina ser bra ut.

– I den sterkt konkurranseutsette marknaden vi opererer i, er kvalitet og pris om lag den same hjå alle leverandørane. Då må vi ta grep som gjer at vi skil oss ut. Vi ivrar i å vere best på kundesørvis. Og vi legg stor vekt på å vere best på leveringstid og sørvis til kundane. Vi har til ei kvar tid varer for kring 20 millionar kroner på lager, og kan som regel levere svært raskt, fortel Jan Runar Holsvik.

Utvida

For nokre år sidan utvida bedrifta lageret med 1.500 kvm. Større lagerplass betydde mellom anna at bedrifta fekk endå meir rasjonell ekspedering av varene som igjen betyr raskare levering. Og her er vi inne på suksessoppskrifta: Medan konkurrerande bedrifter kan bruke ei veke eller meir på å levere varer, klarer Bygg 1 å levere lagerførte varer på 1–2 dagar i Sør-Noreg.

– Konkurransen er knallhard, difor er det så viktig med leveringsdyktigheit og kundeoppfølging. Eg vil påstå at det å levere raskt og sikkert er endå viktigare enn prisen, seier Holsvik.

Han er lokal medeigar i bedrifta saman med salssjef Egil Skar. Dei andre eigarane er Leigland Bygg AS, Florvaag Bruk Holding AS og Nordek AS.

Heile landet

Dørgrossisten, som no har femten tilsette, har hatt jamn auke i salet sidan starten i 2001. Med kontor og lager på Rystelandet syter dei tilsette for at 500–600 kundar over nær heile landet får inner- og ytterdører etter ønske. Bedrifta har avtale med fem store kjeder i tillegg til fleire andre mindre. Salet til dei store utgjer kring 70 prosent av omsetninga. Resten av dørsalet går til frittståande forhandlarar. Det handlar mest om dører av alle slag, frå rimelege inne- og utedører, til eksklusive dører for inne- og utebruk.

Latvia

Sidan 2007 eigde Bygg 1 eigen fabrikk i Latvia som produserer formpressa innerdører og karmar. Denne bedrifta stod for 40–45 prosent av Bygg 1 sin produksjon. Resten vert laga av bedrifter i Finland, Sverige og Noreg. I fjor selde Bygg 1 denne bedrifta til eit estisk selskap, men samarbeidet held fram.

– Det var svært lærerikt for oss å ha eigen fabrikk, men dette tok også mykje tid. No er vi tilbake dit vi var, og er nøgde med ein situasjon der vi fullt og heilt kan konsentrere oss om å reindyrke vår styrke, som er import, logistikk og sal, fortel Holsvik.

Eigarane ser føre seg ytterlegare vekst i 2017. Marknaden er på veg opp og prognosane fortel at det skal byggjast over 40.000 bueiningar i Noreg i løpet av det komande året.

– Vi ser store moglegheiter for endå meir sal. Men vi ønskjer ikkje å gape så høgt at vi ikkje klarer å ta oss av kundane på den måten vi ønskjer. Og vi ønskjer difor å vekse litt etter litt. Det har eg tru på. Det handlar om gode relasjonar og sunt bondevit, seier Jan Runar Holsvik.