Det fortel leiar i Norangdal Grendelag, Steffen Nordang.

1. juledag fekk mjølkeprodusentane i Norangsfjorden melding frå Tine om at dei måtte tømme ut mjølka dei hadde på tankane. Det var snakk om 5.000-6.000 liter. Grunnen var at Tine Råvarehandtering ikkje greidde å få mjølka inn til meieriet. Vegen gjennom Norangsdalen var stengt grunna uvêr, og ferja på Hjørundfjorden gjekk ikkje i det heile 1. juledag.

Merkeleg

– Folket i Norangsfjorden synest dette er merkeleg, at det er mogleg å stoppe ferja ein dag midt i julehøgtida. For ferjene er etter vår meining ein del av riks- og fylkesvegnettet i landet. Kven andre ville vel ha funne seg i at vegen vart stengd på grunn av julehøgtida? spør Steffen Nordang retorisk.

– Vi finn oss heller ikkje i det. Vi håper at ferja kan gå som på 2. juledag. Det vil seie start 10.30 og slutt om lag 15.15. Med ei slik løysing hadde normale funksjonar for folket i Norangsfjorden vore varetekne.

Nordang seier at ferja er livsåra til bygdene.

– Det er ikkje dalen som er vår hovudferdselsåre. Det er ferja som er vår sikre transportåre. Når vegvesenet vil stenge vegen grunna sikkerheit, kan vi ikkje overstyre det.

Innsparingar

Heller ikkje 1. nyttårsdag går ferja på Hjørundfjorden. Slik har det vore i mange år.

– Kvifor er det slik? Det råkar også andre grupper. I juletida er det mange som skal på besøk og som er på besøk i Norangsdalen. Eg hadde syster mi på besøk her. Ho kunne ikkje reise heim 1. dag, og 2. dag måtte ho reise for å kome seg på jobb, og då var det meldt eit forferdeleg vêr. Vi har i fleire år prøvd å få Fjord1 i tale, men det er vanskeleg. Det er nok snakk om innsparingar, men for kva pris?

At bøndene må tømme ut fullt brukbar mjølk meiner Steffen Nordang er synd.

Respekt

– Tine hentar mjølk kvar tredje dag, og denne gongen trefte det på ein dag då ferja ikkje går. Vi får kompensert for noko av tapet, men det handlar om meir enn det. Vi skal ha respekt for maten til folk, og vi skal ha respekt for at det er folk i verda som svelt. Det kjennest meiningslaust å måtte kaste så mykje verdiar i mat, berre fordi ferja ikkje går.

Det har ikkje lykkast Møre-Nytt å få ein kommentar frå Fjord1.

Leiar: Steffen Nordang i Norangdal Grendelag. Arkiv Foto: Janne-Marit M. Falch