Politimeisteren i Møre og Romsdal har tiltalt mannen for tre tilfelle av grovt tjuveri. Alle fann stad natt til 13. august 2016.

Ved Ringo i Ørsta lykkast det mannen å stele pengar, meiner politiet, medan det ikkje var pengar å kassa ved Naustet Grill og ved MC-deler,

Mannen er også tiltalt for å ha stole kjennemerke frå ein bil i Ørsta, for å ha levert ei falsk politimelding på tjuveri av sin eigen bil, for å ha oppbevart cannabis, LSD og hasj og for å ha brukt amfetamin.

Saka kjem opp for Søre Sunnmøre tingrett på nyåret.