Ferjesambandet Festøya-Solavågen på E39 var innstilt måndag morgon på grunn av tekniske problem. BF «Storfjord» hadde problem med ein thrustar, som gjorde at ferja ikkje kunne legge til kai i Solavågen.

Ferja returnerte etter kvart til Festøya, og klarte å kome seg til kai der.

No er ferjesambandet i drift att, men det blir berre trafikkert av BF «Hjørundfjord». Ferja følgjer søndagsruta, og går etter A-ruta sine avgangar.