Blekket har så vidt fått tid til å tørke på avtalen som dagleg leiar ved tidlegare Sandven Ørsta/Autoservice har signert med den største bilforhandlaren i Sogn og Fjordane, Berge & Co.

Etter 2,5 år under Sandven, trekkjer bergensfirmaet seg ut.

– Sandven fekk nye eigarar i sommar, og dei ønskjer å reindyrke satsinga på bilmerka Jaguar og Land Rover. Desse merka passar ikkje i vår verksemd. Her er ikkje utviklingspotensial for denne type bilar, så difor er vi svært glade for at Berge & Co stod klare til å ta over, seier Snipsøyr.

Det er første gong at det over 60 år gamle bilkonsernet etablerer seg utanfor fylkesgrensene til Sogn og Fjordane, men dagleg leiar og eigar Øyvind Walle Berge meiner dei har gjort eit rett og klokt val.

– Eg ser på dette området som ei naturleg forlenging av Nordfjord. Fylkesgrensene betyr lite i denne samanhengen. Dei er nærast utviska mellom våre regionar, og vi må vere der folk ferdast. Oppkjøpet er ei strategisk satsing i ein bu- og arbeidsmarknad som vi har veldig tru på. Ny vegstruktur mellom Møre og Nordfjord gjer til at det vil vekse fram eit sterkare og tettare næringsliv i dette området, og det blir naturleg at våre avdelingar i Stryn, Måløy og Ørsta jobbar saman for å dekke det.

Salsagentur

Berge & Co er den største bilforhandlaren i Sogn og Fjordane. Selskapet vart etablert i 1954 og driv med sal og service av bilmerka VW, Audi, Skoda og brukte bilar. I 2016 sel dei ca. 1.400 bilar og omset for ca. 500 millionar kroner. Ca 110 tilsette jobbar i bedrifta.

Tidlegare AS Autoservice har vore Volkswagen- og Audi-forhandlar i over 50 år. For to og eit halvt år sidan då dei selde deler av bedrifta til Sandven, mista dei salsagenturet. Med Berge & Co inn på eigarsida får dei no dette agenturet tilbake.

– Ein jubeldag, kallar Kjell Snipsøyr det.

– Vi vil nytte marknaden til det fulle, og ser føre oss å selje alle produkta våre her. Vi vil ikkje at andre skal selje våre produkt, så difor nyttar vi sjansen no når han er her, seier Berge.

Eineeigar

Berge & Co er eit heileigd familieselskap, og dei går no inn som eineeigarar i Sandven Ørsta.

– Det gjer vi fordi vi vil at avdelinga i Ørsta skal vere ein fullverdig del av Berge & Co. Det er eit signal om at vi går inn med hud og hår.

Glade

Kjell Snipsøyr leier ein stab på rundt 20 personar. Alle får halde fram i arbeidet.

– Vi er veldig glade for denne løysinga. Vi har selt Audi for Berge & Co tidlegare, og vi kjenner kvarandre godt. Vi er på ein måte den same kulturen, og veit mykje om kvarandre. Der er ingen nye andlet som vi må lære oss å kjenne på nytt. Vi har i mange år hatt eit godt samarbeid og det vert enklare å dra synergiar av kvarandre. Dette blir bra både for våre tilsette og for kundane våre i distriktet. Vi har ein sterk Norskeigd importør i ryggen, og ein over 60-år gammal aktør inn som eigar av selskapet. Dette er noko som alle dei 20 tilsette har tru på og ser fram til, seier Kjell Snipsøyr.

Med oppkjøpet vil Berge & Co dekke marknaden mellom Bergen og Ålesund.

Berge & Co: Sandven trekkjer seg ut frå Ørsta, og Berge & Co tek over. Foto: Janne-Marit Myklebust