– Dette ligg truleg litt fram i tid, men i eit fem års perspektiv kan det skje noko, seier Frode Sætre, leiar ved Marine Harvest Ytre Standal.

Setjefiskanlegget har i dag sju tilsette, og planlegg å produsere 2,8 millionar smolt i 2017. Dersom utvidinga blir realisert, er det snakk om å auke produksjonen til 7,5 millionar smolt. Det vil også krevje fleire tilsette.

Imponert

I førre veke heldt Marine Harvest informasjonsmøte for mellom andre ordførar Stein Aam og Odd Magne Vinjevoll, dagleg leiar i Ørsta næringskontor.

– Vi ønskjer å vere opne, og eit årleg møte av denne typen er ein av dei tinga som ligg i planane våre, seier Sætre. Grunneigarar og Ørsta jeger- og fiskarforbund var også med på møtet.

– Det gir folk høve til å stille spørsmål, og vi får høve til å informere om kva vi driv med, seier Sætre.

– Eg er kjempeimponert over det som er i ferd med å skje på anlegget på Ytre Standal, og dei utviklingsplanane dei har i bygda, seier Stein Aam, ordførar i Ørsta, til Møre-Nytt.

– Eg har inntrykk av at dialogen Marine Harvest har med lokalsamfunnet og andre interesser er god, og dei opnar opp drifta si på ein slik måte at det avmystifiserer kva dei driv med. Det er klart at til dømes dette med lakselus er eit ømt punkt, men slike møte gir også laksefiskarar og andre interesserte høve til å kome med innspel og stille spørsmål, seier Odd Magne Vinjevoll.

Ferdig reguleringsplan

Reguleringsplanen som legg til rette for utviding av anlegget på Ytre Standal er allereie laga, og vart godkjend av kommunestyret tidlegare i år.

– Vi har hatt ein veldig god dialog med grunneigarane i prosessen. Ved ei utviding vil anlegget bli gjort om frå eit gjennomstrøymingsanlegg til eit resirkuleringsanlegg, seier Sætre.

Havbruksnæringa har etter kvart vorte stor i Ørsta og Volda, med til dømes Marine Harvest sine anlegg i Steinsvika og på Standal, Ottar Vartdal sitt anlegg på Vartdal og Profunda i Barstadvik. Det er også fleire sjøanlegg i kommunane.

– No har eg vore på Marine Harvest i Steinsvika på Standal og ved lakseslakteriet på Eggesbønes i Herøy. Dette er ei stor vekstnæring som vi må vere stolte av, seier Stein Aam.

I tillegg til arbeidsplassane sjølve næringa skaper, gir ho også arbeid til leverandørindustri som røyrleggarar og elektrikarar. I tillegg er Vartdal Plast ein stor leverandør til fiskenæringa, både i form av fiskekasser til Eggesbønes og emballasje for fiskedisken i butikken.

– Næringskjeda går heilt til den lokale butikken, seier Frode Sætre.