Berge & Co kjøper tidlegare AS Autoservice (no Sandven Ørsta) og med det etablerer det over 60 år gamle bilkonsernet seg for første gang utanfor fylkesgrensene til Sogn og Fjordane.

Det melder selskapet i ei pressemelding.

Berge & Co er den største bilforhandleren i Sogn og Fjordane.  Selskapet vart etablert i 1954 og driv med sal og service av bilmerka VW, Audi, Skoda og brukte bilar.  I 2016 sel dei ca 1.400 bilar og omset for ca 500 millionar kroner.  Ca 110 tilsette jobber i bedrifta.

- Oppkjøpet er ei strategisk satsing i ein bu- og arbeidsmarknad som vi har veldig tru på.  Ny vegstruktur mellom Møre og Nordfjord gjer til at det vil vekse fram eit sterkare og tettare næringsliv i dette området, og det blir naturleg at våre avdelingar i Stryn, Måløy og Ørsta jobbar saman for å dekke det, seier Øyvind Berge.

Dominerande aktør

- Med oppkjøpet av tidlegare AS Autoservice med si erfaring med å selje våre merke så har vi forventningar om at vi skal bli ein dominerande aktør også på Søre Sunnmøre.  Vi vil då dekke marknaden mellom Bergen og Ålesund.

Tidlegare AS Autoservice har vore Volkswagen- og Audi-forhandlar i over 50 år.  For to og eit halvt år sidan selde dei deler av bedrifta og mista salsagenturet.  Med Berge & Co inn på eigarsida får dei no dette agenturet tilbake.

– Vi gler oss til å verte ein del av Berge-konsernet fordi det er ein solid og stor aktør med lik driftstype som oss, seier Kjell Snipsøyr, dagleg leiar i Sandven Ørsta.

- Vi har i mange år hatt eit godt samarbeid og det vert enklare å dra synergiar av kvarandre.  Dette blir bra både for våre tilsette og for kundane våre i distriktet. Vi har ein sterk Norskeigd importør i ryggen, og ein over 60-år gammal aktør inn som eigar av selskapet. Dette er noko som alle dei 20 tilsette har tru på og ser fram til, seier Kjell Snipsøyr.