Leskuret er eit samarbeidsprosjekt mellom Ørsta kommune, fylkeskommunen og Vik Ørsta.

Etter at Mørebil-bygningen vart riven, har trafikantane etterlyst ein plass å kome seg i skjul for vind og ver, og det vart difor frå kommunen si side teke kontakt med Vik Ørsta om dei hadde ei straksløysing tilgjengeleg.

Det viste seg å vere tilfelle, og no er det femten meter lang skuret på plass. Skuret gjer at passasjerane kan stå tørre medan dei ventar på bussar til og frå på området.

Måndag var kommunen sine folk i gang med å fjerne det gamle skuret, og i tillegg vart det fjerna ein rabatt, og planert – før ny asfalt skal kome.