Det skriv kommunestyrerepresentant Inge Kolås (Frp) i ei oppmoding til ordførar Stein Aam.

Han har registrert at Statens vegvesen vil sette krav om minst tre nullutsleppsferjer og minst ei lågutsleppsferje på Festøya-Solevågen og Volda-Folkestad når den nye kontraktsperioden starta i 2019.

- Det vert truleg tre ferje i Festøya-Solevågen frå 2019. Eg ynskjer at Ørsta kommunestyre ytrar seg om at vi ønskjer at ei av dei tre ferjene skal få «Ørsta» i namnet på eitt eller anna vis.

Han meiner dette kan vere med på å sette Ørsta på kartet, og gi reklame til reiselivsnæringa i kommunen.

Dagens to ferjer på Festøya-Solevågen heiter BF «Storfjord» og BF «Hjørundfjord». Det finst også ei ferje som heiter BF «ØRsta». Denne vart bygd i 1964, og trafikkerer i dag sambandet Molde-Sekken.

Kolås meiner kommunestyret må kome på banen med ønsket tidleg i 2017.

Berge & Co har frå før ei rekkje avdelingar i Sogn og Fjordane. Bildet er frå avdelinga i Stryn. Foto: Bengt Flaten/Fjordingen