Det kjem fram i saksdokumenta frå Volda formannskap.

Gamle Austefjord skule står på eit tomt tilhøyrande Magnar Førde. Bygget står der etter ein gammal avtale der kommunen gratis fekk nytte tomta, så lenge der var skuledrift. Skuledrifta i bygget vart avvikla for mange år sidan, men der har vore barnehage fram til 2013.

Administrasjonen i kommunen har vurdert om bygget kunne verte gitt vekk mot at bygget vert fjerna og tomta rydda og sett i stand, men kvaliteten på bygget er så dårleg, at dette har vorte vurdert som ikkje aktuelt.

Administrasjonen har innhenta tilbod på riving av bygget og AF Gruppen har levert det mest gunstige tilbodet. Riving er kostnadsregna til 419.000 kroner eks mva.

– Gamle bygg som står å ikkje blir vedlikehalde og teke hand om, vil raskt kunne føre til forfall og fare for personar som ferdast i området. Å gjennomføre kontrollert riving inneber minst mogleg miljøkonsekvensar/forureining, og det er i grunnen ikkje andre alternativ for kommunen i dette høvet, står det i sakspapira.

Grunneigar ønskjer å ordne området til som eit rekreasjonsområde når kommunen har rive og tilsådd tomta.