Det skriv ordførar i Volda, Jørgen Amdam, i eit brev til innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug.

Uventa

Nyleg vart det klart at UDI vil legge ned Volda statlege mottak frå mars neste år. 160 mottaksplassar vert vekke, og 6 årsverk forsvinn frå Volda.

– Det var uventa og skuffande å motta bodskapen om nedlegging av mottaket. Sidan det vart etablert i 2008 har kommunen opparbeidd god erfaring og høg kompetanse på vertskommunetenester overfor bebuarar i mottak, og eit godt samarbeid med mottaket. Den samla fleirkulturelle kompetansen i Voldasamfunnet er høg, og det er eit breitt samspel i kontinuerleg utvikling. Volda kommune bed om tilbakemelding på kva vurderingar som er lagt til grunn for nedlegginga. Vi har forståing for at tal mottaksplassar må verte redusert som følgje av få asylsøkjarar til Noreg. Kvifor det vert bestemt å legge ned eit så kvalitativt godt og veldrive mottak som Volda, har vi lite forståing for, skriv Amdam.

Kvalitet

Han viser til at det nyleg er etablert nye mottak i regionen som nettopp har starta arbeidet med å bygge opp det Volda har brukt åtte år på å bygge opp.

– Mottaket i Volda har formidla til oss at nedleggingsvedtaket utelukkande er knytt til økonomiske prioriteringar hos UDI og lågt tal på asylsøkjarar. Altså er ikkje kvaliteten og ein berekraftig busetjings- og integreringspolitikk vektlag. Korleis sikre berekraftige busetjings- og integreringsarbeid om kvaliteten ikkje vert vurdert? spør Amdam.

Arbeidsplassar

Han fortel at det er eit stort tap for Voldasamfunnet at mottaket vert lagt ned.

– I Volda kommune treng vi dei arbeidsplassane vi har. Vi ønskjer å halde fram med dei kvalitativt gode tilboda og tiltaka mottaksdrifta gir, og ringverknader desse bidreg med til kommunen og lokalsamfunnet. Volda kommune ønskjer å halde fram med å vere vertskommune for asylmottak, og vi ber ministeren og UDI om å vurdere nedleggingsvedtaket på nytt, og halde fram med drifta av Volda statlege mottak, bed Amdam.

Ordførar: Jørgen Amdam bed om ei forklaring på kvifor mottaket i Volda vert lagt ned. Foto: Janne-Marit Myklebust