Då rådmann Wenche Solheim la fram budsjettet, omtalte ho driftsbudsjettet til kommunen som svært stramt, og at effektiviseringar og satsing på førebygging og digitalisering er naudsynt for at pengane skal strekke til.

Det blir fordelt 589.873.000 i budsjettet i 2017 og investert i overkant av 260 mill. kr, mellom anna i fleirbrukshall og legesenter. Det blir teke opp lån på rundt 190 mill. kr i 2017.

Kritikk frå Høgre

I den etterfølgande debatten om budsjettet i formannskapet har det vorte stilt spørsmål ved rådmannen sin påstand, særleg frå Høgre-gruppa.

– Om dette framlegget blir vedteke, snakkar vi om ein vekst på 5,2 prosent frå 2016 til 2017. Det er langt over prognosen for prisveksten, på 2,7 prosent, sa gruppeleiar Per-Are Sørheim i Høgre då budsjettet vart diskutert tidleg i november. Han gjentok påstanden då formannskapet kom med si tilråding 22. november.

Sørheim tok utgangspunkt i det reviderte 2016-budsjettet, som er redusert i høve til det som vart vedteke i fjor haust.

Sjølv om driftsbudsjettet aukar totalt sett, er ikkje det tilfelle for alle seksjonane. Fleire budsjett blir kutta frå 2016 til 2017. Dette gjeld skule, helse og velferd og kultur og næring. For fleire andre seksjonar er veksten svært låg, og dekker løns- og prisveksten og lite anna. Dette gjeld mellom andre omsorg og rehabilitering, den største seksjonen i kommunen, med eit budsjett på over 145 mill. kr i 2017.

Her må det likevel presiserast at det blir teke utgangspunkt i det opphavleg vedtekne 2016-budsjettet, og ikkje det reduserte budsjettet.

Endringar og budsjettsprekk

Fleire ting har endra seg etter at rådmannen la fram budsjettet i starten av november. Endringane har kome på investeringssida av budsjettet. For det første foreslo fleirtalskoalisjonen (Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet) å omprioritere fem mill. kr av investeringane. Dette skal finansiere fleire tiltak, mellom anna forprosjekt på Hovden og Sæbø skular, betre mobildekning i Sjåstaddalen og prosjektering av nye samlevegar i Hovdebygda/Ose. Dette blir finansiert med at forskyve utbygging/oppgradering av Ørsta rådhus og av flyktningbustader blir utsett. Forslaget fekk også støtte frå KrF i formannskapet.

Rådmannen gav sterke åtvaringar mot framlegget, og påpeikte at investeringane på rådhuset har vorte utsett i ti år. Framlegget ser likevel ut til å ha fleirtal i kommunestyret i dag.

I tillegg har det kome ein ganske stor, uventa kostnadssprekk på investeringssida. Det er sett av 3,3 mill kroner til oppgradering av kjøkenet på Ørstaheimen i 2017. Dette må gjerast, fordi kommunen har fått pålegg frå Mattilsynet om å få på plass betre varemottak og garderobeanlegg.

Dei siste skissene for prosjektet viser likevel at kostnaden ser ut til å bli langt høgare enn 3,3 mill. kroner. Det siste prisoverslaget frå administrasjonen er på 10,5 mill. kroner. Det er ei stor utfordring for kommunen å finne midlar til å dekke den auka kostnaden. Det anten lånast meir pengar, bli tatt pengar frå oppsparte midlar eller så må noko bli nedprioritert eller utsett.

På driftssida gjekk fleirtalet i formannskapet inn for å halde oppe styrkinga av skuleseksjonen, som først vart vedteken i 2015. Dette blir finansiert gjennom disposisjonsfondet og auka avkastning frå Tussa. Også dette fekk fleirtal i formannskapet mot Høgre og Venstre sine tre røyster.

2016-budsjettet vart samrøystes vedteke i desember i fjor, etter forhandling under kommunestyremøtet. Det må truleg eit kompromiss til for at det same skal skje. Det er lite truleg at Høgre og Venstre støttar tilrådinga som ligg føre frå formannskapet.

Har ikkje med seg alle: Tilrådinga frå formannskapet må truleg bli endra dersom ordførar Stein Aam skal få med seg heile kommunestyret. Han har likevel fleirtal gjennom røystene frå Ap, Sp, Frp og truleg KrF. arkivfoto Foto: Joachim Åsebø