Kostnaden er kalkulert til mellom 200 og 250 millionar kroner. Og vona er byggjestart i 2018 og ferdigstilling for eit 6000–7000 kvm nybygg i 2021 gjennom eit samarbeid mellom Ørsta kommune og fylkeskommunen.

– Eg har ryggdekning frå Senterpartiet i fylket til å jobbe fram eit vedtak til fordel for ny vidaregåande skule i Ørsta. Behovet for ny skule er stort. Vi vil prøve å få fylkestinget til å gjere om vedtak, fortel Geir Inge Lien.

Han er ordførar i Vestnes og er Senterpartiet sin andrekandidat i Møre og Romsdal til stortingsvalet neste år.

Synfaring

Lien var på synfaring på Ørsta vidaregåande onsdag. Der fekk han konstatert at skulen, som er bygt midt på 1950-talet, er nedsliten og utrangert med store behov for fornying og oppgradering. Skulen har dårleg ventilasjonsanlegg og ei rekkje øydelagde vindauge. Skulen har lekkasjar og utfordringar med flodproblematikk i kjellaren. Der er også plassproblem både for tilsette og elevar.

Lien ønskjer å utsetje bygginga av ein ny vidaregåande skule på sørsida i Ålesund sentrum og heller satse på ny skule i Ørsta der behovet etter hans syn er prekært. Mot røystene frå KrF, Sp og Nordmørslista vedtok fylkestinget i sommar at det skal byggjast ein skule på sørsida i Ålesund. Senterpartiet og KrF ville utsetje bygginga til etter 2030.

Inkludert ein ny storhall tilknytt Spjelkavik vidaregåande, skal det dei neste åra brukast over 700 millionar kroner på dei vidaregåande skulane i Ålesund-området. Geir Inge Lien peikar på at dette vil gje ein overkapasitet på kring 600 elevar, medan situasjonen i andre enden, i Ørsta, er at den utdaterte skulen har sprengd kapasitet. Dei fem neste åra er det skissert eit vedlikehaldsbehov på over hundre millionar for Ørsta vgs. Lien og Stein Aam meiner det er mykje betre å satse på ein ny skule, og plusse på med opptil 150 millionar for å få realisert ein skule kopla saman med Ørsta kulturhus.

– Det er galimatias og ulogisk å bruke 720 millionar på nye skulebygg i Ålesund når overkapasiteten er så stor og situasjonen i Ørsta er så dårleg med enormt vedlikehaldsbehov, meiner ordførar Stein Aam.

Pådrivar

Han viser til at byggje- og vedlikehaldssjef i fylkeskommunen, Per Olaf Brækkan, no er ein pådrivar for nybygg i Ørsta. Ikkje minst etter at han var på synfaring på skulen. Også fylkesordførar Jon Aasen skal ifølgje Aam vere imponert over planen for nybygg i Ørsta ved kulturhuset. Det same skal Arne Dag Gjerde vere. Han er tettstadskoordinator i Møre og Romsdal fylke. I følgje Aam var både han og Per Olaf Brækkan sterke pådrivarar for å få flytta fleirbrukshallen frå Mosflata til Utstillingsplassen og nærare sentrum.

I fjor vart det sett av 23 millionar til vedlikehald av Ørsta vidaregåande. Men i budsjettet er no desse pengane fjerna, sjølv om det i sakspapira i fylket står at Ørsta vgs. har eit vedlikehaldsbehov på 30 mill fram til 2020. Aam og Lien synest det er svært kritikkverdig at pengane er strokne. No meiner dei det bør setjast av midlar til ny skule i Ørsta, og at dei 23 millionane som opphavleg var avsett, snarast vert gjort om til planleggingsmidlar for nytt skulebygg. Samtidig ønskjer Aam at det vert laga ein oppgraderingsplan for kulturhuset slik at bygget vert moderne.

Vona er å få på plass pengar til Ørsta vgs. på fylkesbudsjettet for neste år med mål om byggjestart i 2018.

– Sambruk mellom vidaregåande skule og kulturhuset i Ørsta kan verte ein vinn-vinn-situasjon for mange. Og aksen med ny skule, kulturhuset, hotellet og rutebilstasjonen like ved kan verte unik, vurderer Stein Aam.

Roy-Arne Folkestad

Synfaring: Avdelingsleiar Eldar Lund tok nestleiaren i i Utdanningsutvalet i fylket, Geir Inge Lien (Sp) og ordførar Stein Aam med på synfaring på skulen og kunne vise til problem med m.a.vasslekkasje. På bildet er også rektor Roger Andre Fylling. Foto: Roy-Arne Folkestad
Omsorg: – Å drive ein skule frå 1950-talet må gjerast omsorgsfullt, seier rektor Roger Andre Fylling (t.v), her saman med Eldar Lund, Geir Inge Lien og Stein Aam. Foto: Roy-Arne Folkestad
Plassmangel: Elevane har ingen stad å vere i friminutta, og nyttar ofte gangane, konstaterer avdelingsleiar Eldar Lund (t.v.). Foto: Roy-Arne Folkestad