- Båten gjekk inn for eiga maskin, og det var heile tida planen at Ramoen skulle til Tromsø no, så det er ikkje dei største problema. Vi hadde rekna med litt innkøyringsproblem, fortel Atle Vartdal frå Ramoen AS.

Det er snakk om små justeringar på giret.

- Det høyrast gjerne dramatisk ut, for dei som kan båt, at det er problem med giret, men her var det snakk om ein skrue som var laus. Båten skal vere reparert på to-tre dagar, og skal vere ferdig reparert til laurdag, og vil vere klar til bruk igjen frå måndag av, etter planen, opplyser Vartdal.

Ramoen har dei siste fire vekene gjennomført jomfruturen sin, og har lossa 200 tonn fisk. Mykje av fisken er på veg til den lokale marknaden.

- Ting har gått betre enn venta, for ein ny båt med det ypparste av moderne teknologi. Der har vore nokre småproblem for filetfabrikken og mjølfabrikken, men det handlar om teknologi, og ikkje om mekaniske manglar. Alt i alt er konklusjonen at dette er ein veldig, veldig god båt som går godt. Problema er av ein slik art at det lett kan verte fiksa, forsikrar Vartdal.

Ramoen har mykje kvote att før året er omme, og Vartdal fortel at dei håper på god fangst dei neste vekene. Måndag legg Ramoen ut på ein ny tur med nytt mannskap, og vil vere tilbake i midten av januar.

- Den kvota vi ikkje får tatt no, vil gå tapt ved årsskiftet, så vi er klare for å kome ut att med båten. No har vi gjennomført prøvefisket, og fått testa båten, og synest vi har fått ein ganske god start. Litt innkøyringsproblem må vi berre rekne med.

Ramoen vart døypt i Ålesund 29. oktober, og er eigd av familieselskapa Eros AS (65%) og dei tidlegare eigarane av Vartdal Fiskeriselskap AS (35%). Begge selskapa har lange tradisjonar som eigarar av havgåande fiskefartøy.