Rett før helga vart ein hakkespett teken til fange av tilsette i kyrkja. Hakkespetten hadde gått i eit bur som er der.

Møre-Nytt skreiv for fyrste gong om hakkespettproblema for Hjørundfjord kyrkje for to år sidan. Og sjølv om tiltak er sett i verk, er problema der enno.

Fugleskremsel

– Vi har halde på i to år, og prøvd alle moglege midlar for å verte kvitt problemet. Vi har laga fugleskremsel, sett opp netting, og sett opp feller. No har det gått så langt, at vi har søkt om løyve til å skadefelle hakkespett, fortel kyrkjeverje i Ørsta kommune, Arnstein Myklebust.

Han seier at dei ikkje er nokon ønskjeleg situasjon at hakkespett skal takast ut.

Hakkar overalt

– Likevel, dette handlar mest om Hjørundfjord kyrkje, og at kyrkja ikkje skal verte øydelagt på sikt. Skadane er for så vidt ikkje verre enn at vi greier å fikse dei med det vedlikehaldsarbeidet vi til ei kvar tid held på med, men dette er likevel skadar som kan forsterke seg. Fuglane hakkar på stolpar og rundt luker. Dei hakkar på kledning, men aller verst er hakkinga på berande konstruksjonar. Til våren skal vi i gang med eit omfattande arbeid med å måle Hjørundfjord kyrkje, og då ynskjer vi at vi kan gjere det utan å måtte risikere å stadig ta att målingsarbeid fordi hakkespett har hakke fleire hol, seier Myklebust.

Fuglen som vart fanga rett før helga er no i bur, og kyrkjeverja forhøyrer seg med ekspertar kva som skal skje med akkurat denne fuglen vidare.

Grønspett

Det var altså ein grønspett som vart fanga no. Tidlegare er der også observert flaggspett, som visstnok skal vere endå meir aggressiv overfor treverket enn grønspetten.

Hakespetten har hakka hol på alle sider av tårnet. Nokre stader er det djupe hol, andre stader har han akkurat byrja.

Åtaka vart oppdaga hausten 2014, og i løpet av dei siste åra har skadane gripe om seg.

Det er altså sett av ein større sum med pengar til vøling av Hjørundfjord kyrkje i 2017, og det er difor Arnstein Myklebust den siste tida har brukt ein heil del arbeid for å finne ut korleis hakkespettproblemet bkan løysast ein gong for alle.