– Vi vart svært overraska over at kommunen vil inngå intensjonsavtale med amfi om sal av Lina-tomta. I mars vart Ørsta kommune orientert om at vi ynskte oss Lina-tomta som nytt parkeringsareal for Tindebygget. Då vart vi oppmoda om å ta kontakt med Amfi-kjeda for å få til ein felles avtale, då Amfi også treng meir parkeringsareal, seier eigarane av Tindebygget, Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork i eit brev til kommunen.

Dei gjer det klart at dei no ønskjer reelle forhandlingar med kommunen og eventuelt Amfi før det vert underteikna nokon avtale mellom dei. Eigarane minner om at dei vert fråtekne vesentleg parkeringsareal i reguleringsarbeid.