– Grendelaget i Bondalen har behov for ni busskur i dalen. Vi har kontakta grunneigarar om dette, og alle var positive til å avstå grunn.

Det fortalde Synnøve Rekkedal Hill under møtet på Legene onsdag om framdrift for trafikktrygging langs vegane i kommunen.

Ikkje nok med at grunneigarane vil avstå grunn, dei er ifølgje Hill også villige til å grave gratis i samband med etablering av busskura.

– Vi har jobba i tretti år for å få bygt busskur i dalen. Behovet er stort. I dag står skuleborna i snøbarden og ventar på bussen medan brøytebilane susar forbi dei i 80 km/t, fortalde Hill.

Ho er glad for nysatsinga på tryggare vegar.

– Nye gang- og sykkelvegar vil tene heile fjordsamfunnet, og også vere viktig i samband med å trekkje fleire turistar til kommunen.

Midlar

– Då vi kontakta teknisk sjef i kommunen sa han at vi burde arbeide for å få løyvt midlar til busskur. Vi søkte om trafikktryggingsmidlar frå fylket og fekk tildelt 30.000 kroner, sa Hill på møtet.

Fem busskur vert levert gjennom eit samarbeid mellom kommunen og Vik Ørsta.

– Kommunen har kjøpt fem busskur av Vik Ørsta til halv pris, fortalde teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot på møtet.

Han minte om at det i kommunen sitt budsjett er lagt inn ein million kroner kvart år til trafikktrygging, og at fylket også kan stille opp gjennom 50-50-ordninga der kommunen og fylket betalar kvar sin halvdel av prosjekta.

Inge Kolås er svært nøgd med det arbeidet grendelaget i Bondalen har gjort for å trygge tilhøva til m.a. skuleborn.

– Dette er eit godt døme på det vi no prøver å få til med å få grunneigarane til å avstå grunn utan kompensasjon, sa Kolås på møtet.