Arbeidsløysa i Ørsta er framleis låg, sjølv om ho har auka siste året, viser tal frå Nav.

Tala syner at det var 155 personar heilt utan arbeid ved utgangen av november. Det utgjer 2,7 prosent av arbeidsstyrken, og er ein auka på 17 personar samanlikna med november i fjor.

I Volda var det 100 personar heilt utan arbeid. Det er ein auke på 8 personar samanlikna med november i fjor, noko som utgjer 2,1 prosent av arbeidsstyrken.

I november er det 4 325 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,1 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 9,3 prosent frå same månad i fjor.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 3,9 prosent for menn.

Gjennomsnittet i landet er på 2,8 prosent.