– Marknaden er med oss, og utviklinga for hotellet er positiv. Dette gjer det meir truleg at vi vil satse og byggje ut, utan at dette er bestemt, fortel hotelleigar Knut Flakk.

For fem år sidan lanserte eigarselskapet 62º Nord AS utbyggingsplanar som innebar i alt 55 rom i tillegg til lokale for servering- og konferanse for 80–100 gjester. Tanken var heilårsdrift. Riksantikvaren hadde først innvendingar mot utbygginga då dette braut mot gammal byggjeskikk. Seinare trekte han denne. Likevel vart planane lagt på is grunna uvisse i marknaden. Siste åra har hotellet hatt ein sterk vekst, og i år når det rekordomsetning på over 14 millionar kroner mot 11,7 millionar i fjor. Hotellet tener pengar og opplever at konseptet fengjer fleire og fleire. Difor vurderer no Knut Flakk å leite fram utbyggingsplanane.

Betre situasjon

– Situasjonen for hotellet er betre i dag enn då vi fekk byggjeløyve. Vi har auka turistbesøk og situasjonen for hotellet er altså langt betre. Likevel må vi vere trygge på at vi gjennom ei utbygging kan klare å løfte hotellet på eit nytt nivå, seier Flakk.

Han gjer det klart at selskapet ikkje har avgjort om dei vil byggje ut, men at dette no er under sterk vurdering.

– Uansett skal vi sikre å utvikle hotellet betre, seier Flakk.

125 år

Hotellet i enden av Norangsfjorden er i år 125 år, og dette vart torsdag feira med stor festmiddag på hotellet, der drivarar, eigarar, kundar, vener og bygdefolk var inviterte for å feire det særeigne hotellet som vart oppført i 1891 i tidstypisk sveitserstil, og som i dag står fram som eit av dei best varetekne hotella frå turismens barndom i Noreg.

– Hotellet var eit av dei første prefabrikkerte bygga i landet, og vart produsert i Trondheim og frakta til Øye, seier Knut Flakk som i samband med jubileet orienterte om hotellet si historie.

Den aller første gjesten var Sir Robert Gresley, den ellevte baronen av Drakelowe. Gjestene som kom til hotellet var i stor grad folk som ville gå i fjellet.

Dahl-familien dreiv hotellet i tre generasjonar. Etter nokre tøffe tiår etter andre verdskrig vart hotellet i 1989 seld til Per Ola Ratvik, Idar Nordang og Johan Øye.

– Desse tre musketerane gav grunnlag for ein ny start for hotellet, rosa Knut Flakk dei tidlegare hotelleigarane som alle var til stades under jubileumsfesten.

I 2009 kjøpte 62º Nord hotellet. – Mange var nok bekymra, men eg håper vi har klart å ta vare på grunnlaget for hotellet. Vi har prøvd å forsterke og vidareutvikle hotellet og atmosfæren, seier Flakk. Det er ingen tvil om at hotelleigaren har lykkast. Hotelldirektør Mariann Mork-Øye, som under festen stråla rundt som ein sommarblome, fortel om ein fantastisk sesong for hotellet.

– Vi nådde årsbudsjettet i september. I fjor selde vi 2.600 rom, no har vi selt over 3000 rom. Vi har funne ein god nøkkel. Mange av dei som kjem hit, der kring 90 prosent er nordmenn, vil gå i fjellet. Utlendingane som kjem opplever gunstig kronekurs og at Noreg er eit trygt land å feriere i, seier direktør Mariann Mork-Øye.

Under middagen var det mange som ville gratulere jubilanten. Ordførar Stein Aam, som var i stand up-humør, inviterte til eit samspel mellom kommunen og hotellet for å vidareutvikle fjellturismen.

– Kommunen er stolt av dette praktbygget. Saman kan vi utvikle konseptet endå betre.