Oppsitjarane i Vikegeila ber om at gata vert skilta med «Gjennomkøyring forbode».

Årsaka er at bommen og betonghinder som har hindra innkøyring frå Håkonsgata har vorte endra. Oppsitjarane fortel i eit skriv til kommunen at desse fysiske hindera har fungert svært godt, og har betre buforholda i Vikegeila.

– Men no kjem bilar seg igjennom, og det har kanskje med snøbrøyting å gjere. Vi har dei siste dagane opplevd gjennomgangstrafikk med bilar i til dels stor fart. Dette er ein stor risiko for dei mjuke trafikantane som er vande med ei skjerma miljøgate, seier Dag Inge Mork på vegner av oppsitjarane.

Dei ber om at det vert sett opp eit skilt med forbod mot gjennomkøyring, slik skiltplanen for gata tilseier.