Statens vegvesen er no i ferd med å fullføre trafikktryggingstiltaka i Barstadvik. Gangfeltet ved butikken blir sikra med fartshump og betre lys, og fleire busslommer blir oppgraderte.

Fartsgrenser

Det er fartsgrensene i området som har skapt diskusjon og brev til vegvesenet. I dag er det 60-sone gjennom det meste av Barstadvik frå vestsida og fram til skogen før brua over Storelva. Der går E39 over i 80-sone.

Statens vegvesen skiltar no 50-sone forbi overgangsfeltet ved butikken. Med ny fartsgrense og fartshump/heva gangfelt skal ikkje fartsnivået overstige 45 km/t ved kryssingsstaden.

Dagens 60-sone på vestsida (mot Ørsta) blir oppretthalden. Det blir skilta 70-sone austover frå opphevinga av den nye 50-sona og forbi avkøyringa til Hjellen. Denne strekninga har i dag fartsgrense 80 km/t.

Wenche Flo i Barstadvik har skrive brev til vegvesenet med spørsmål om det er vurdert lågare fartsgrense i området aust for Barstadvik sentrum. Bakgrunnen er at ein ungdomsskuleelev på 13 år må krysse E39 ved 80-sone på Romestrand for å ta bussen mot Vartdal skule. I tillegg er det barneskulebarn som må gå langs E39 frå Hjellen til Romestrand for påstiging til skulebussen. Dei returnerer same vegen ved skuleslutt.

– Det er bekymringsfullt at barna som kryssar og går langs E39 blir utsett for denne risikoen dagleg, skriv Flo i eit brev til Statens vegvesen.

Dette er del av strekninga der Statens vegvesen no reduserer farta frå 80 til 70 km/t.

– Her er ikkje dei nasjonale kriteria for 60-sone oppfylt. Når det gjeld kryssing av E39 ved Romestrand, vil vi nytte høvet til å foreslå at foreldra oppfordrar barna til å krysse europavegen i gangfeltet i Barstadvik sentrum. Dette er eit tryggare alternativ. Busslomma ved Romestrand har ei lite trafikksikker plassering og er ikkje dimensjonert etter normalen. Dette fører til uheldige situasjonar for bussjåførane, svarer Elisabeth Mansfield i plan- og trafikkseksjonen i Statens vegvesen Region midt.

Vil ha 50-sone

Også på andre sida av Barstadvik sentrum har det kome kritiske kommentarar. Kenneth Otterlei meiner strekninga gjennom heile Barstadvik bør bli skilta som 50-sone.

– Slik det no blir skilta, blir det høg fart til fartshumpen og full gass vidare, skriv Otterlei, som sjølv er småbarnsfar. Han vil ha 50-sone forbi Hjellen.

Han er også kritisk til at det ikkje er laga fotgjengarovergang og oppgradert lys ved busslommene som er nærast Ørsta/Vartdal.

– Fartsgrenser blir skilta ut frå nasjonale fartsgrensekriterium. Dette er vedtekne prinsipp som tek i vare trafikktryggleiken på ein godt måte, og som samstundes skal gjere at fartsgrensene blir respektert, er lette å forklare og greie å handheve, skriv Mansfield til Otterlei.

Ho legg til at fartsmålingane i 60-sona vest for Barstadvik sentrum viser eit fartsnivå på 62 km/t i retning Ørsta og 69 km/t i retning Festøya.

Otterlei er også kritisk til at det kan sjå ut som at dagens 60-sone vest i Barstadvik blir endra til 70-sone. Mansfield svarer at dette er ein feil, og at Statens vegvesen ønskjer å halde på 60-sona. Unntaket er i sentrum, der det blir 50-sone.

Då Møre-Nytt var på staden torsdag, var 50-skilta komne opp. Men 70-sona vestover er ikkje skilta enno.

busslomme: Fleire busslommer i Barstadvik er oppgraderte til universell standard. I denne retninga (vestover) skal det ifølgje Statens vegvesen kome 70-sone forbi Hjellen-avkøyringa. Foto: Marius Myklebust