– Vi synest det er heilt på sin plass å hylle Årets eldsjel i Ørsta med ein festkonsert. Og eg håper mange vil ta turen når ein av dei store, lovande artistane i landet, Kjell Inge Torgersen med band, kjem til Ørsta kulturhus torsdag 15. desember, seier kulturhusleiar Janne Grytten Skarstein.

Torgersen er m.a. kjend for å vere ein eminent tolkar av artisten Sting sine låtar.

«Aks av gull» («Fields of Gold»), «Skjøre» («Fragile») og «Andedrag» («Every Breath You Take») er nokre døme på songar av Sting som er gjendikta av Torgersen.

Han vann finalen i Stjerner i sikte i 1997 og kom på tredjeplass i den europeiske finalen. I finalen framførte han Sting sin låt «Englishman in New York».

No kjem han altså til Ørsta der han også skal presentere julerelaterte songar på ein festkonsert til ære for sentrumspådrivaren Lars Oscar Fossen Øvstegård, som nærast åleine har endra sentrum i Ørsta frå rønne til gull.

Lun kveld

– Kjell Inge Torgersen passar godt til denne konserten, som vert ein varm og lun kveld der vi har pynta til jul og legg ut den raude løparen. Torgersen har tidlegare spelt fleire gonger på Aasen-tunet, men no tek han med seg noko nytt: mange gjendiktingar til nynorsk av anglo-amerikanske julesongar som ligg han tett til brystet, i tillegg til nokre klassikarar frå eigen Sting-katalog og ein smakebit av nytt stoff. Mange har det travelt før jul. Vi har medvite lagt konserten til ein torsdag for å kome utanom alle helgearrangementa som no vert halde, fortel Grytten Skarstein.

Ho synest det er på sin plass å heidre Lars Oscar Fossen Øvstegård for alt arbeidet han har gjort for å gjere Ørsta sentrum vakrare.

Moro

– I tillegg til musikk, vert det også andre innslag. Og Lars Oscar dukkar opp på ein heilt spesiell måte. Kanskje har han med seg nokon folk flest vil kjenne att. Moro vert det i alle fall. Det vert ein konsert som på julaftan: tradisjonsrik – og full av overraskingar. Og dei som kjem får sjå! Seier kulturhusleiar Janne Grytten Skarstein lurt.

konsert: På Ørsta kulturhus kjem Kjell Inge Torgersen til å synge både julesongar og låtar av Sting.