Totalt er mannen tiltalt for 51 lovbrot. I april i år skal mannen ha brukt ein skyteliknande gjenstand og truga tre personar til overgje bilen sin til han. I februar og april i år truga han politibetjentar med vald og med motorsag. Mannen har og ringt operasjonssentralen til politiet og truga med å brenne ned eit asylmottak ifølgje tiltalen.

Mannen er tiltalt for åtte tjuveri av bilar frå mars til april i år. Alle desse biltjuveri i tiltalen var lokalisert til Søre Sunnmøre. Fleire tilfelle av vinningskriminalitet er og på tiltalelista. I april i år skal mannen ha stole ein traktor og motorsag i Volda kommune, og ifølgje tiltalen skal mannen og ha stole ein ladekabel til ein e-bil.

Mannen er og tiltalt for fleire tilfelle av bruk og oppbevaring av narkotiske stoff. Han er tiltalt for promillekøyring og køyring utan gyldig førarkort.

Dei fleste av lovbrota som mannen er tiltalt for skal ha skjedd på Søre Sunnmøre, men og i Nordland.