I september hadde Mattilsynet tilsyn på hovudkjøkkenet og dei ni postkjøkkena ved Ørstaheimen. Etter tilsynet har det kome varsel om pålegg. Mattilsynet har påpeikt at Ørstaheimen må finne ei løysing på slusing av både personale og varer som er i samsvar med gjeldande regelverk. Dei vert understreka at kjøkkeninngangen ikkje er konstruert slik at det er vern som kan hindre kontaminering frå innkomande personale eller varer/næringsmiddel.

– Mattilsynet vurderer at regelbrotet kan setje mattryggleiken i fare.

Mattilsynet har sett ein frist for gjennomføring til 1. august 2017. Onsdag stod saka oppført som referatsak på sakslista til levekårsutvalet. Einingsleiar kjøkken, Arne Kåre Engseth, orienterte politikarane om situasjonen. Utfordringa er at det er sett av 3,3 millionar kroner til ombygginga av hovudkjøkkenet på Ørstaheimen i budsjettforslaget for 2017, men Engeseth kunne orientere om at prisoverslaget for ombygginga ligg på 10,5 millionar kroner.

– Vi står i dag utan varemottak, og det som kjem av varer vert trilla rett inn i produksjonslokalet. Torsdagane står europallane nær der vi produserer mat, og alle forstår at det fare for kryssmitte i slike samanhengar. Eg er glad for at no har fått pålegg, og som ansvarleg for kjøkkenet er desse utfordringane vanskelege. I fjor fekk vi midlar til å starte planlegginga. Det kom spørsmål om kva ei ombygging ville koste, og det vart gitt ein sum på 3,3 millionar kroner. No har vi fått skissene, og prisen er komen opp i 10,5 millionar kroner. Dette gjeld ikkje berre varemottak, men og slusing av personell, sa Engeseth som understreka at utfordringane til kjøkkenet har vore kjent i fleire år.

For å rette avviket som Mattilsynet har varsla må heile kjøkkenet på Ørstaheimen plukkast ned og omstrukturerast. Det har blitt sett på potensielle løysingar medan ombygginga går føre seg, og eit produksjonslokale på Morksenteret kan leigast. Leiar Odd Magne Vinjevoll i levekårsutvalet understreka at saka er akutt, og bad politikarane ta det med seg saka inn i drøftingane om budsjett i dei ulike partia.