Arill Riise, nyheitsanker i TV2 frå Bondalen, fekk utdelt Kringkastingsprisen for 2016 under ein seremoni i Bergen fredag ettermiddag.

Riise starta i NRK i 1983, og gjekk i over til TV2 i 2006. Frå 2003 til 2006 var han informasjonsleiar i Fiskebåtredernes forbund. I dag er han anker for hovudsendingane til TV2-nyheitene.

Kringkastingsprisen er ein av dei eldste medieprisane i Noreg, og har vorte delt ut sidan 1973. . Prisen går til ein som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Dei siste åra har prisen gått til NRK Super (2015), Marta Norheim (2014) og Ingunn Solheim (2013). Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

– Det er sjølvsagt ei stor ære å få denne høgthengande prisen. Det er jo ein nynorskpris, men han blir også gitt for innsatsen mottakarane har gjort i media generelt. Og det er jo mange NRK-folk som har fått han opp gjennom, så no synest eg det var på sin plass at nokon frå TV2 fekk han, seier Riise til Møre-Nytt.

Dette er grunngivinga for prisen:

«Vinnaren av årets pris er ein tydelig og stødig nynorskbrukar, med ei medviten haldning til språket sitt. Han får synt fram nynorsken som eit godt språk til formidling av nyhende.

Juryen trekk fram at vinnaren har gjennom heile si karriere som journalist nytta nynorsk som både arbeidsspråk og privatspråk. Då vinnaren byrja i NRK i 1983 tok han eit val om å nytte normert nynorsk.

Det er viktig at ein får høyre tilnærma nynorsk normaltalemål i media, som er ei viktig ryggstø for dei norske dialektane, spesielt i ein kvardag med aukande bruk av dialektar i radio og fjernsyn. Det er viktig at dei kommersielle allmennkringkastarane òg nyttar båe dei offisielle målformane i landet, og vinnaren er ein framifrå representant for nynorsk i TV2s sendingar.

Kringkastingsprisen for 2016 går til Arill Riise.»

Les meir i Møre-Nytt laurdag.