– Dersom du seier fire-fem år, så er eg litt meir optimist. Eg håper dei kan kome i gang innan to-tre år, sa ordførar Stein Aam (Sp) til den noko meir avmålte sakshandsamaren, ass. rådmann Eldar Rune Øye, under formannskapsmøtet tysdag.

5. desember er det planlagt møte mellom Amfi-kjeda og Ørsta kommune. Planen då er å signere ein intensjonsavtale om å kjøpe areal for å kunne utvide kjøpesenteret mot nord og aust. Det vil seie mot Ørsta Torg og mot Ivar Aasen-gata (Lina-tomta).

– Amfi har heilt klart ambisjonar om å utvide i Ørsta. Det er delvis utløyst av den suksessen dei har her i dag, men dei har også kome på banen i samband med Europan og utviklingsplanen for Ørsta sentrum. Dei ønskjer å sikre seg moglegheiter til å utvikle seg, forklarte Eldar Rune Øye til formannskapet.

Utforming

Det vart stilt spørsmål ved korleis eit utvida Amfi skal sjå ut.

– Det har vore lagt fram nokre skisser, og eg trur vi kan seie at dei ser føre seg ei heilt anna utforming enn dagens senter, og som passar betre inn i sentrum. Skissene vi har sett er forbløffande like dei som er representert av FELD (det danske arkitektfirmaet som vann Europan-konkurransen, red. merk.), sa Øye.

Ørsta kommune vil også ha styring med omfanget og utforminga av påbygget når byggesaka skal opp til politisk handsaming.

Kunsthuset

Både administrasjonen og ordføraren var klare på at Ørsta kommune har stilt krav om at Kunsthuset skal bevarast. Grunnen til huset er heller ikkje med i intensjonsavtalen.

– Det har vi vore klare på frå dag éin. Gløym riving av Kunsthuset. Det handlar både om den aktiviteten som går føre seg her i dag, og som eit symbol på arven etter Grepa i Ørsta, sa ordførar Aam.

Han er oppteken av å få ein heilskap i området frå Amfi/Ørsta Torg til Tindebygget og vidare til Mørebil-tomta.

– Det må vi vere med på å legge til rette for i prosessen vidare. Når arealet blir selt, skal det seljast til ein taksert marknadspris, og salet skal ikkje bli subsidiert av Ørsta kommune på noko vis. Intensjonsavtalen skal vere gyldig fram til 2023.

Medan Eldar Rune Øye ser føre seg bygging innan fire-fem år, er ordføraren altså noko meir framoverlent og snakkar om to-tre år.

Formannskapet uttrykte støtte til intensjonsavtalen tysdag, og ordførar og administrasjon går no vidare med saka.

<strong>Vil kjøpe areal:</strong> Det gule området på kartet viser arealet Amfi har intensjon om å kjøpe, og Ørsta kommune har intensjon om å selje. 5. desember blir truleg intensjonsavtalen om salet underskrivne. kart: Ørsta kommune, redigert av møre-nytt