Det kjem fram i eit informasjonsskriv frå landbrukskontoret. Den store hogsten etter Dagmar krev ei omfattande nyplanting i Ørsta og Volda. Dette arbeidet kom først for alvor i gang i 2014.

– Det er avgjerande å få intensivert gjenplantinga etter hogsten i våre kommunar, om ikkje står vi i fare for at svært mykje skogsmark gror att med lauvkratt, står det i skrivet.

Etter skoglova «skal skogeigaren sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst». og «naudsynte tiltak for å leggje til rette for forynging skal setjast i gang innan 3 år etter hogst».

– Når ein til no ikkje har nådd måla for forynging/planting på aktuelle areal skuldast det fleire faktorar: Mange skogeigarar vegrar seg for nyplanting, manglande kapasitet på tilskot, for lite avsett på skogfond, m.m. Faren for billeangrep er medverkande til utsett planting og med det gjengroing av hogstflatene. Det er ynskjeleg med ei prosjektstilling på Søre Sunnmøre som kan ta tak i skogkultursatsinga og spesielt nyplanting framover, skriv landbrukskontoret.