Ørsta kommune er beden om å busetje færre flyktningar enn det som er vedteke i kommunestyret for neste år. Og det vert no lagt opp til å busetje 25 flyktningar i 2017.

Einslege

Ørsta kommune har tidlegare vedteke å busette 29 flyktningar i 2017, inkludert fem einslege mindreårige. Eit nedjustert busettingsbehov frå staten gjer at IMDi ber Ørsta kommune om å redusere vedtaket og busetje 25 flyktningar i 2017. Av desse ber ein om at fire plassar vert brukt til busetjing av einslege mindreårige og at Bufetat kan disponere to plassar til einslege mindreårige under 15 år.

Ørsta kommune har hittil i 2016 busett 18 flyktningar, tre einslege mindreårige og 13 som har kome på familiesameiningar som utløyse integreringstilskot. Det skal busetjast ein einsleg mindreårig til i 2016 og kommunen har bede IMDi om at kommunen kan busetje tre vaksne flyktningar til i 2016.

Vedtak

– Det er usikkert om vi får tildelt fleire vaksne flyktningar i 2016. Ørsta kommune har kommunestyrevedtak på å busette 28 flyktningar i 2016. Det ser ut som vi kjem til å ende på 22–25 busette flyktningar i 2016. Inkluderer vi familiesameinte så vil talet verte 35–38, noko som syner at det vert lite føreseieleg for kommunane å ikkje inkludere familiesameinte i måltalet for busetjingar, seier flyktningkonsulent Bård Flekke.

2016 har vore eit spesielt år med tanke på busetting av flyktningar.

– Det vart busett veldig få flyktningar før sommaren. Dette fordi det var veldig få som var busetjingsklare og det var stort sett dei kommunane som har samarbeidsavtale med IMDi som fekk tildelt flyktningar.

Dei fleste flyktningane har vorte busett i haust og Ørsta fekk også tildelt overføringsflyktningar til gjenbusetting. 11 syriske overføringsflyktningar har blitt gjenbusett direkte frå Libanon til Ørsta kommune i 2016, fortel Flekke.

Dersom det vert busett 25 flyktningar neste år, inkludert familiesameinte, som utløyser integreringstilskot, så vil det vere om lag 130 flyktningar som er omfatta av integreringstilskotsordninga. – Dette er ein ganske stor auke, utan at det har blitt meir ressursar på flyktningkontoret eller i seksjonane i særleg omfang, seier flyktningkonsulent Bård Flekke i kommunen.