På Bondalseidet går det no føre seg sprenging og graving. Ørsta skisenter skal investere tre millionar kroner for å utbetre anlegget, og arbeidet som no er i gang skjer i Nakkeløypa. Utfordringa som skisenter har hatt med Nakkeløypa er eit parti som har vore for bratt.

– Det har gjort at mange har vegra seg for å køyre ned her. Vi har henta køyrarar som har snudd og byrja å gå opp att. Arbeidet som no vert gjort gjer at vi får ein jamnare og mykje meir oversiktleg trasé, og det vil gjere skisenteret enno meir familievennleg, seier Terje Stokke som sit i styret til Ørsta skisenter.

Les meir i Møre-Nytt laurdag.