I underkant av 7.500 høner brann inne under brannen i hønseriet på Kornberg, som ligg ein kort biltur frå Folkestad.

Brannen start truleg i pakkeriet i hønsehuset. Brannårsaka er framleis ukjent. Politiet har sperra av området, og i går, måndag, starta politiet tekniske undersøkingar for å få kartlagt brannårsaka.Hønseriet på Kornberg vart etablert på slutten av 1990-talet av foreldra til Turid Nautvik.

Siste seks åra har ho og ektefellen Per Kåre Nesset drive hønseriet. Turid Nautvik passerte hønseriet klokka kvart over seks fredag kveld. Då såg alt normalt ut. Ei stund etter at ho kom heim ringde ein nabo og fortalde at hønseriet stod i full fyr.

– Eg fekk panikk. Per Kåre var ikkje heime, og det var berre å hive seg rundt, fortel Nautvik til Møre-Nytt, framleis skaka over den tragiske hendinga.

Tankbilar

Brannvernet på Straumshamn var først på brannstaden. Brannkorpset i Steinsvika kom også til, i tillegg til mannskap frå Volda brannvern som hadde tankbilar. Men brannvernet kunne ikkje gjere noko.

Hønseriet var overtent, og kunne ikkje bergast. Brannvernet måtte konsentrere seg om å sikre omkringliggjande bygningar.

Det var ikkje tilgang på vatn på brannstaden, difor måtte mannskapet køyre til Folkestad for å fylle tankane på brannbilane. Det vart også lagt ut ei pumpe ved brannstaden slik at brannen kunne sløkkast med vatn frå sjøen.

Brannvernet dreiv ettersløkking på staden utover kvelden og kunne først avslutte arbeidet ved 01-tida natt til laurdag. Resten av natta vart det halde brannvakt på staden.

No er det berre ruinar att på brannstaden.

– Eg har eit ønske om å få bygt opp att hønseriet og starte på nytt att, men no veit eg ikkje om det vert noko av dette. No må vi berre summe oss. No handlar alt om å ta tak i alt det praktiske etter brannen.

Det er knytt mange kjensler rundt ein brann som dette, og hendinga er tragisk, trist og vemodig. Eg føler at alt er rive under beina på oss. Eg synest det er grufullt å køyre forbi brannstaden, seier Turid Nautvik som håper hønene døydde raskt av gass som følgje av brannen.

– Det finst større tragediar enn dette, likevel er det eit sjokk å oppleve ein slik brann.