Elevane som vel valfaget Frisk og rask er mykje på tur, og ifølgje både elevar og lærarar har dei det kjekt. Valfaget vart starta opp ved Ørsta ungdomsskule for fire år sidan, og har blitt det mest populære valfaget ved skulen. I år er det 53 8-klassingar som tek valfaget, og til saman er det over 150 elevar på Frisk og rask over alle tre årstrinna ved ungdomsskulen.

– Det talet er rekordhøgt, seier lærar Emilia Ragnarsdottir. I løpet av skuleåret er valfagselevane mykje i aktivitet, og dei får mellom anna vere med elvevandring, turar, fisking, padling, sykling, fjellturar, klatring og skiaktivitetar når det er forhold til det. Både sykkelparken og skiparken til skulen vert flittig brukt av Frisk og rask-gjengen. I løpet av ei skuleveke har elevane to timar med valfag.

Nye sekkar

Gjennom dei fire åra som valfaget har eksistert har Sparebank 1 Søre Sunnmøre vore ein fast støttespelar. Tysdag fekk alle 8.-klassingane som tek Frisk og rask tursekk med banken.

– Det er fjerde året at vi får sekkar med banken. Elevane kan ha sekkane liggande på skulen og dei kan ha dei med seg på tur. Med den hausten vi har hatt no har det vore ekstraflott å kome seg ut på tur. Det er gull verdt. At vi kan samarbeide med næringslivet i Ørsta er viktig for oss, seier rektor Marianne Solbjørg Ose ved Ørsta ungdomsskule.

– Heilt topp

Banken er glade for at ungdomsskulen legg til rette slik at elevane kjem seg ut på tur.

– Eg tykkjer det kjekt å få støtte noko som bidreg til at ungdomen kjem seg ut på tur. At skulen legg til rette for at elevane får bruke naturen og kroppen er flott. Eg ser i ei viss bok i dag at folk har blitt veldig flinke til å gå på fjellet, annonsere at dei går på fjellet og forteljar om det. Det er ein mentalitet som vi i banken er veldig glade å kunne støtte opp under og hjelpe dei med noko som dei har nytte av. For oss er dette heilt topp, seier kontorleiar Bernt Østgaard i Ørsta.

<strong>Utdeling:</strong> Bernt Østgaard i Sparebank 1 Søre Sunnmøre delte ut nye tursekkar til Frisk og rask-gjengen ved Ørsta ungdomsskule tysdag.