Det melder Sunnmørsposten. Ifølgje avisa legg Universitetet i Bergen vekt på forskinga til Fet.

– Den har gitt innsikt i norsk kulturhistorie gjennom litteratursosiologi om diktande, lesande og skrivande bønder på 1600- og 1700-talet. Han har sett historia nedanfrå og levert originale bidrag på eit område som har vore viktig, men lite utforska. I tillegg har han vore ein viktig bidragsytar innanfor andre humanistiske emne, som terminologi, stadnamn og folkemusikkhistorie, heiter det i grunngjevinga.

92-åringen, som opphavleg frå Sykkylven, men har vore busett i Volda nesten heile sitt vaksne liv, gav i fjor ut boka Den gløymde litteraturen. Fet er utdanna cand.philol. og har m.a. vore tilsett ved Volda lærarskule, Møre og Romsdal distriktshøgskule og Høgskulen i Volda.