Nordstrand er lege med spesialisering i klinisk farmakologi og ekstrautdannelse som kognitiv terapeut.

– Etter kjempesuksessen sist, med full sal og litt til, er det ei glede å seie at ho kjem tilbake, melder Optimal Helseklinikk.

Datoen er 24. november. Denne gongen kjem Nordstrand med nytt foredrag, ny bok - med meir fokus på stressmeistring, avspenning, mental hygiene, i tillegg til, sjølvsagt: god mat!

– Eit fyrverkeri av ei dame som du bør få med deg. Underhaldande og informerande som få.

Foredraget heiter: Ta vare på deg sjølv. Lær korleis maten, mosjonen og det mentale kan spele på lag og gi tydeleg effekt. Metoden passar alle aldrar og livsfasar, og heile familien kan vere med.

– Så få med deg mannen,kona, kjærasten, kollegaen, venninna, naboen, bestemor, bestefar, oldemor og oldefar, tante og onklar, og kanskje eit syskjenbarn og bli med! Du vil ikkje angre!

Som sist lovar Optimal Helseklinikk å stille med lett servering og diverse smaksprøver.

– Vel møtt. Billettane ligg allereie ute for sal, så ver raks. Sist vart det venteliste, minner dei om.