– Men kva er lykke? Eg er ikkje ferdig med å finne det ut. Er lykke kor mange likes du får på ditt nye profilbilde på Facebook og kor mange ting du eig, eller er lykke å vere ein god ven. Ein som ser andre inn i auga og som gir eit klapp på skuldra til rett person til rett tid?

Rampelyset

300 vidaregåandeelevar sit lydhøyre i festsalen på Ørsta kulturhus.

– Kan eg stå her nede på golvet? spør scenevande Adil.

Responsen er negativ. Han må opp på scena skal alle sjå han. Scena som har vore jobben hans dei siste åra. Scena som har teke han til topps i TV-programmet Dansefeber, som har gitt han jobben som dommar i Norske Talenter, scena der han spelte Mowgli for det Norske Teater. For å nemne noko. Scena som var springbrettet til ei strålande karriere i rampelyset, men som også sende han ut i eit jag etter stadige nye erobringar og utfordringar. Han vart aldri mett. Fann aldri det han leitte etter. Til han innsåg at det var seg sjølv han sakna. Då han først fall, slo han seg hardt.

– Eg jaga etter stadig nye suksessar, og trudde alltid at neste prosjekt ville gi meg ei indre glede. Men gleda kom aldri. Eg har hatt ei veldig kritisk indre stemme som har vore svært brutal. Så brutal ville eg aldri ha vore mot noko anna menneske, men meg sjølv grov eg ned. Det er eit resultat, eller eit ekko av oppveksten min, og min emosjonelle bakgrunn. Det eskalerte til eit nivå der eg fann meg sjølv i eit veldig, veldig mørkt rom med lite motivasjon for livet. Eg var på botnen og skjønte at eg måtte snu.

Han har vore open om oppveksten sin i Oslo, med ein streng far som stilte krav og hadde klare mål for borna sine.

– Han gjorde det av kjærleik. Misforstått kjærleik kanskje, men han hadde det heller ikkje lett då han vaks opp. Han ville oss det beste, Men eg forstår kva ungdom i dag slit med. Eg veit korleis det er å vekse opp og kjenne seg aleine og føle at livet et deg opp, og å kjenne på krava som vert stilt, og føle at forventningane er overveldande.

Kjærleik

I dag er det fem år sidan han tok vegvalet. Vegvalet som har ført han tilbake til scena, men på ein ny måte. No er det ungdomen han møter. Kamera er slått av. Journalisten må vente på gangen. Dette er ei privatsak, men som likevel angår alle. Adil vil snakke fritt til ungdomane, utan å måtte vege orda sine.

– Eg deler veldig mykje. Eg leitar framleis etter forma og orda på det eg vil formidle. Eg har utfordra meg sjølv på å tenke på nye måtar. Eg føler at eg har innblikk i fleire fargar av kjenslespekteret. Eg veit kva sorg og smerte er, og kva det er å vere sårbar.

Adil ønskjer å vere ei stemme for dei unge. Vise dei at dei ikkje er aleine om å kjenne på prestasjonsjaget og einsemda. Han har gått lenger enn kanskje mange andre vil. Han har selt leilegheita si og alt han eig, sletta alle kontoar på sosiale medium, og konsentrerer seg om si nye reise. Ei reise han deler med fleire tusen ungdomar over heile landet.

– Når alt kjem til alt, er ting berre ting. Det du ønskjer å sitje att med ved slutten av livet er minna. Gode minne. Det igjen handlar om kjærleik. Kjærleik til andre og til deg sjølv. Det kan høyrest ut som ein floskel. Nordmenn er ikkje flinke til å snakke om dette. Der er vi ikkje rike. Det handlar om sjølvrespekt. Det er vanskeleg i dag, der vi konstant vert minna, frå alle hald, om korleis vi bør tenke og korleis vi bør sjå ut og korleis vi bør vere for å vere perfekte. Sosiale medium er ei stor utfordring. Alle passar ikkje inn i boksen. Vi må sjå forbi innpakninga.

I ei perfekt verd ville Adil Khan ha lært dagens unge psykologi frå første klasse.

– Det finst ting som er viktigare enn å lære matematikk og historie. Vi må lære å vere gode menneske. Vi står der første skuledag med heilt ulik bagasje og ulike verktøy for korleis handtere livet. Skulen burde gi kvar enkelt elev eit skreddarsydd opplegg. Gode menneske som tør og kan å gi og ta imot kjærleik og empati er også sunne. Og då følgjer det også meir med, for gode karakterar kan du også få om du har god psykisk helse.

Ingen fasit

Adil passa ikkje inn i boksen, og han fall ut. Men rett person klappa han på skuldra til rett tid.

– Eg vil fortelje dagens unge at ting vert betre. Men det er lett å seie det, for når du står i det opplever du det ikkje slik. Dei som ikkje passar inn i boksen har ei unik gåve. Dei må finne seg sjølv på ein heilt annan måte. Dei må finne sin eigen veg. Då handlar det om å ta rett vegval. Dei treng det klappet på skuldra, frå rett person, til rett tid. Ver deg sjølv. Ha respekt for deg sjølv og for andre. Vis kjærleik, og ikkje jag etter det perfekte. Det perfekte har ingen fasit. Kvar enkelt må finne svaret inne i seg sjølv.