Ansvaret for kjøp av regionale flyruter er ei av oppgåvene regjeringa foreslo å overføre til dei nye, folkevalde regionane, som del av regionreforma.

Etter at ruta mellom Hovden og Oslo vart kommersialisert, er det berre éi rute i Møre og Romsdal i det statlege anbodsregimet: Hovden-Bergen. Hovudtyngda av anbodsrutene er i dei tre nordlegaste fylka og i Sogn og Fjordane.

Administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune er skeptiske, og foreslår at samferdselsutvalet seier nei til å ta over oppgåva.

– Fylkestinget har tidlegare vedteke at flyplasstrukturen bør sjåast i samanheng med det statlege stamvegnettet, og fylkesrådmannen meiner det difor er naturleg at kjøp av regionale flyruter også er ei statleg oppgåve, skriv samferdselssjef Arild Fuglseth i saksutgreiinga.

Fylkeskommunane har allereie ansvar for kjøp av tenester på buss, ferjer og hurtigbåt. Regjeringa meiner dette gjer at dei også vil vere kompetente til å kjøpe flyruter.

– Anbodsteknisk er dette rett, men kjøp av regionale flyruter er styrt av eit anna lovverk. Dette er kompetanse fylkeskommunen ikkje har i dag, men som ligg hos Samferdselsdepartementet, meiner Fuglseth.

Ulemper

Overføring av ansvaret vil også føre til auka ressursbruk i fylkeskommunane. I Møre og Romsdal vil det vere behov for rundt to ekstra årsverk, ifølgje samferdselssjefen.

Han ser fleire problematiske sider ved å overføre ansvaret. Mellom anna vil flyselskapa kunne miste stordriftsfordelane dei har i dag.

I dag blir anboda forma ut på ein slik måte at flyselskapa kan utnytte materiellet best mogleg. I tillegg er det viktig å sjå dette i ein heilskap, slik at anbodsrutene korresponderer med kommersielle ruter.

Dette er meir utfordrande dersom kvar fylkeskommune skal utarbeide eigne anbod, meiner Fuglseth.I tillegg ser han føre seg at fylkeskommunen får auka økonomisk risiko som følgje av kostnadsauke grunna nye tryggleikskrav.

Saka blir handsama i Samferdselsutvalet denne veka, og i fylkesutvalet i neste veke.