Det skriv dagleg leiar Vidar Høviskeland i Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK) i eit brev som er sendt ut til medlemene.

Intensjonsplanen mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane slår ikkje fast at den nye Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Dei tre fylkesordførarane har alle i ettertid stadfesta at det ikkje er tatt endeleg stilling til kva administrasjonsspråk den nye regionen skal ha. LNK oppmodar alle medlemene sine, kommunar, interkommunale selskap og andre institusjonar og verksemder til å gje fråsegn om den nye Vestlandsregionen.

– Den nye regionen vil vere ein stor produsent av skriftleg materiale. Det vil såleis vere eit stort tilbakesteg for nynorsken om ikkje dette skjer på nynorsk, med same omfang som i dag. LNK ønskjer nye punkt med i intensjonsplanen. Mellom anna at regionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk, og at staten skal bruke nynorsk i sin skriftlege kommunikasjon med regionen.