Det spør Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) om i ein interpellasjon til ordførar Stein Aam.

Han skriv at fleire nasjonale undersøkingar viser at bebuarar på sjukeheimar som oftast er nøgde med den fysiske pleia og omsorga, men at dei saknar meiningsfulle dagar med sosial kontakt og aktivitet. Frislid viser til at bebuarane har krav på tilbod om varierte og tilpassa aktivitetar, men at det ofte er slik at dei ikkje klarer å formulere behovet sjølve, og dermed vert stillesitjande mykje av dagen.

– Det burde vere ei målsetjing å i større grad kartlegge bebuarane sine interesser og behov for aktivitet. Dette kan blant anna verte gjort ved å ha ein person i fast stilling som lærer seg å kjenne bebuarane sine interesser. Denne personen kan då hjelpe bebuarane med å utføre desse aktivitetane og gi råd til dei andre tilsette om korleis dei kan utføre dei, skriv Frislid.

Han foreslår at kommunestyret bed rådmannen om å innarbeide 1 million kroner i budsjettet for 2017, som vert øyremerka aktivitets- og trivselstiltak for bebuarar i kommunen sine sjukeheimar.