Etter ein fantastisk finevêrsperiode i første del av oktober, kom vêromslaget onsdag ettermiddag.

Klassisk sunnmørsk haustvêr, altså regn, tunge skyer og kraftig vind, kjenneteiknar vêret torsdag føremiddag.

Det bles sørvestleg opp i sterk kuling på Sunnmøre torsdag. På kysten kan vinden kome opp i liten storm styrke. Det er venta noko minkande vind torsdag kveld, melder Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det er venta mykje det same vêret fredag. Då kan det også blåse storm i fjellet. Det blir regnbyger og haglbyger, snøbyger over 400-700 meter.

Det er sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold på fjellovergangane  fredag. Årsaka er sterk vestavind, snøbyger og snøfokk. Så hugs å legge om til vinterdekk dersom du skal over fjellet!

Larudag og søndag er det likevel håp om lettare vêr. Dert er venta regnbyger, men mindre kraftig vind laurdag Søndag ligg det førebels an til opphaldsvêr.