Lars Oscar Fossen vart på kommunestyret torsdag utnemnt til årets eldsjel i Ørsta i 2016.

Fossen får heideren som følgje av arbeidet han har gjort for å ruste opp Ørsta sentrum.

Foreslått av mange

Mange foreslo Fossen som årets eldsjel til juryen, og ordførar Stein Aam siterte fleire av forslaga då han overrekte prisen torsdag:

«Fossen har gjort ein fantastisk innsats for eit flottare Ørsta. Han er ei eldsjel av dei heilt store, smørblid, alltid positiv, sterkt engasjement for heimbygda si, flink til å få ting gjort, verkar positiv på omgjevnadene - andre får lyst til å yte òg. Han framstår med ein positiv energi som verkar smittande.  Med denne energien klarte han å «vekke» Ørstingen til dugnad for Ørsta Sentrum. Han teikna eit realistisk og truverdig bilete av Ørsta, slik det litt slitent stod fram for eit par år sidan. Samstundes klarte han med overbevising og truverd å få kommune, huseigarar og den jamne Ørsting til å tru på at dette kunne ein gjere noko med – i fellesskap. Og resultatet ser ein i dag. Eit sentrum som ein no utan blygsel kan vise fram og vere stolt av.»

Prisen er nyoppretta, og er eit samarbeid mellom Ørsta kommune, Sparebanken Møre og Møre-Nytt. Juryen har bestått av representantar frå ungdomsrådet, eldrerådet, Ørsta næringskontor, Ørsta kommune og Møre-Nytt.

– Vi håper prisen kan vere ein inspirasjon for alle i heile Ørsta til vidare engasjement og arbeid i lokalsamfunna. Prisen til Fossen er derfor også ei takk og anerkjenning til personar og lag som gjer ein frivilleg innsats i lokalmiljøa rundt om i heile kommunen. Stå på vidare, sa ordførar Aam.

Heidra Oksavik

Fossen sjølv var tydeleg rørt av heideren.

- Eg brenn slik for Ørsta sentrum. Hadde eg fått tilbod om éin million kroner eller ein slik pris, ville eg lett å ha teke prisen. Det er så godt å sjå at når eg no køyrer gjennom sentrum, så er det i ferd med å sjå bra ut. Ørsta har alle moglegheiter, vi må berre gripe dei.

Han nytta også høve til å heidre ein annan pådrivar i kommunen, Gunnar Oksavik.

- Eg er berre ei lita pingle samanlikna med det han har gjort gjennom fleire tiår. Eg er så full av beundring for han, og har så stor respekt for alt han har gjort, sa Fossen, og skrytte også av kommunen for positivt samarbeid.

Sjølv om det ikkje var éin million kroner, inneheld prisen også ei økonomisk gåve. Sparebanken Møre gav Fossen 20.000 kroner som han får i oppgåva å bruke til eit samfunnsnyttig formål i Ørsta. I tillegg fekk han ein diplom frå juryen.

Samfunnsutvikling

Fokuset for prisen er samfunnsutvikling, og juryen har elles definert desse kriteria for prisvinnarar:

  • frivillig innsats over tid, med positive verknader for heile eller del av Ørsta

  • vere busett i Ørsta kommune og vere ein god representant for Ørsta

  • eit forbilde for andre, ein som gjer det vesle ekstra og gjer ein skilnad

  • vere pådrivar for utvikling, sunne lokalmiljø og ein inkluderande kultur

  • gjenspegle flest muleg av verdiane til kommunen; tillit, energi, løysingsvilje og utvikling - spesielt glede og entusiasme