– Årsaka er auka annonseinntekter på nett og mobil og fleire kostnadsreduserande tiltak, seier ansvarleg redaktør Rune Sæbønes.

I 2015 leverte Møre-Nytt eit driftsresultat på 212.000 kroner. Avisa hadde då ei omsetning på 14.890.000 kroner, ein oppgang frå året før, men ein nedgang samanlikna med 2013. Polaris-avisene samla har ein samla tilbakegang i annonseinntekter på 20 prosent frå tredje kvartal 2015 til tredje kvartal 2016, viser ei børsmelding som vart offentleggjort torsdag.

Polaris eig mellom andre Adresseavisen, Sunnmørsposten og ei rekkje lokalaviser frå Nordvestlandet til Nord-Noreg.

– Møre-Nytt har også ein nedgang, men denne er mindre enn for konsernet samla, opplyser redaktøren.

Fleire abonnentar

Tidlegare i haust la Møre-Nytt om nettavisa, og gjorde mykje av stoffet på nett eksklusivt for abonnentar. Talet på abonnentar har gått opp etter omlegginga.

– Vi håper folk forstår at det kostar å drive med journalistikk og halde folk oppdatert på kva som skjer i lokalsamfunnet, og at dei er villige til å betale for det. Førebels ser det ut til at det er tilfelle, seier Sæbønes.

Polaris-konsernet er no midt inne i ein kostnadssparingsprosess. Det skal gjerast innsparingar eller kome auka inntekter på 300 millionar kroner innan 2020.

– Møre-Nytt er også del av denne prosessen. Vi skal gjere innsparingar, og truleg også noko nedbemanning. Samtidig skal vi effektivisere drifta mest mogleg, og bruke det aller meste av ressursane på journalistikk og annonsesal, seier Rune Sæbønes.