Det har gått litt over eit år sidan det første «spadetaket» i Ivar Aasen-gata 10. I dag står gamle Kreditkassen fram i ny og moderne drakt, og med eit namn som speglar omgjevnadene, like mykje som glasvindauga gjer. Berre siste finpussen står att før Tindebygget er ferdig.

– Vi er glade, letta og stolte. Alt på ein gong. Vi meiner sjølv at bygget har vorte skikkeleg smeikje, seier huseigarar Per Magne Mork og Arne Johan Rebbestad.

Tindebygget har nær dobla arealet frå det opphavlege, og er på gode 6.000 kvadratmeter frå kjellar til loft.

– No ønskjer vi å vise bygget fram for folket. Vi er takksame over at ordføraren vil kome til opninga fredag ettermiddag, og det vert både kaffi, noko å bite i, og ope hus for alle som vil ta ein kik.

Leigetakarane vil også vere til stades denne ettermiddagen.

– Vi har ei lang liste med solide leigetakarar, og mest heile bygget er leigd ut, fortel dei.

Blant leigetakarane er revisorverksemda Hovden & Vatne saman med XO Rekneskap, som saman har 10 kontor. Veno Forsikringsmegling låner åtte kontor. Marina Solutions flyttar inn til nyttår, Aktiv Trening leiger nærast heile første etasje, saman med Solvita frisør. Racer har kontorlokale, Leira Lash Lounge flyttar opp frå kjellaren til 2. etasje, og Warm systems låner også kontor.

– Vi har fleire enkeltkontor som vi leiger ut i kontorfellesskap. Her er nokre få ledige att. Vi oppmodar folk om å ta seg ein tur for å sjå på fasilitetane, dersom dei kan ha bruk for eit kontor. Her er veldig flott og sosialt, reklamerer Rebbestad.

I 2. etasje står det om lag 1.200 kvadratmeter ledig.

– Vi ventar på ei utlysing, og har førebels god dekning og is i magen. Vi reknar med å få leige ut heile bygget om ikkje lenge.

I øvste etasje er der tre leilegheiter som er selde.

Også ute har området fått seg eit stort løft, og det er opparbeidd rundt 100 parkeringsplassar rundt bygget.

Fredag kveld har dei invitert leigetakarar og entreprenørar til festmiddag på kulturhuset.

– Det har vore eit stort og omfattande prosjekt, og vi er glade for å vere i mål, og oppmodar alle interesserte eller nysgjerrige til å kome å ta ein kik på det flotte bygget fredag ettermiddag.

Store endringar: Kredittkassen, fotografert på slutten av 90- talet. I dag står bygget fram i ny og moderne drakt.