To menn i 20-åra og 40-åra var tiltalt for medverknad til pelstjuveri. Natt til 25. november i 2013 vart det gjort innbrot ved ein pelsdyrfarm på Øye, og rundt 115 minkskinn og rundt 35 reveskinn til ein verdi av ca. 110.000 kroner vart stole. Mennene var og tiltalt for tjuveriforsøk ved ein annan pelsdyrfarm på Øye. I retten sa mennene seg skuldig etter tiltalen.

To andre personar enn dei tiltalte har tidlegare blitt dømd for pelstjuveriet på Øye. Politiet fekk i samband med etterforskinga henta inn mobildata som plasserte dei tiltalte på Øye.

Retten fann det bevist ut over ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at mennene hadde medverka i pelstjuveriet og tjuveriforsøket.

Mannen i 20-åra vart i Søre Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i 120 dagar. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Mannen i 30-åra vart dømd til fengsel i 90 dagar. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Begge mennene vart dømd til å betale 3.000 kroner kvar i sakskostnader.