Det skriv styret i Ørsta skisenter AS til Ørsta kommune. Dei søkjer om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning for utbetring av Nakkeløypa.

Planen er å seinke det bratte henget og jamne ut traseen nedanfor det svært bratte partiet. Vidare vil dei rette ut og utvide traseen, fjerne tre, stein og berg i skråkøyringa og lyssette traseen frå toppen til nedre heisstasjon.

– Henget i Nakkeløypa er i dag svært bratt, noko som gjer det vanskeleg å trakke, og mange brukarar av anlegget rapporterer dette som eit utrygt punkt. Traseen nedanfor henget er ujamn, noko som gjer det vanskeleg å kunne nytte heile breidda i traseen i periodar med lite snø, skriv styret.

Traseen for nedkøyring tilbake til hovudtraseen er om lag fem meter brei.

– Dette gjer at det er vanskeleg å ta svingar for å redusere farta, noko som fort kan føre til ulykker eller uønskte hendingar, rapporterer styret. Manglande lyssetting gjer også at løypa ikkje kan verte nytta på kveldstid store delar av året. Kostnadsoverslaget for utbetring er på tre millionar kr.