– Det er Vestre Sunnmøre gjetarhundlag som arrangerer denne konkurransen. Vi sende inn søknad om å få halde finalen i Noregsserien, og det er dei 35 beste ekvipasjane i landet som er her, fortel Atle Arnesen i Vestre Sunnmøre gjetarhundlag.

Det er eit trong nålauge å kome igjennom for dei som vil delta i finalen i Noregsserien. Godt over hundre ekvipasjar har vore med ei dei fire helgetevlingane som har vore før i år. Og berre dei trettifem beste samanlagt får vere med i finalen.

– Det gjer at vi til dømes berre har ein deltakar frå Møre og Romsdal. Her er nivået høgt, fortel Odd Bjarne Bjørdal.Sjølv stilte han ikkje med hundar i tevlinga år, men det var han som stilte med sauer, slik at dei deltakande ekvipasjane hadde markørar under tevlinga.

Det var flott ver under konkurransen. Men attlegene på Rise låg for det meste i skugge under konkurransen, slik at det kunne verte vel kaldt. Då gjorde det godt med ei bålpanne og mykje varm kaffi undervegs.

Ein klar einar

Suveren vinnar av konkurransen vart Torbjørn Jaran Knive frå Hokksund. Han stilte med tre hundar i konkurransen, og tok fyrste- og andreplassen med to av dei.

– Det var flott å delta her, og eg er godt nøgd med resultatet, sa Knive før han sette seg i bilen for å køyre heim søndag ettermiddag.

Arnesen karakteriserer forholda det vart konkurrert under for krevjande. Det handlar både om avstandar og terreng, og om korleis saueflokken oppførte seg.

– Dei oppførte seg rettferdig, seier saueeigar Bjørdal bestemt.Under prøvene skal hundeeigarane få hundane til å hente ein flokk nokre hundre meter vekke. Dei skal så førast i ei bestemt bane og inn i ei innhegning. Under prøva skal også hunden vise at han kontrollert kan splitte flokken, og skilje ut dyr m.a.

Det vart vist gode ferdigheiter under finalen i Noregsserien på Rise, og publikum let seg imponere.

Det har tidlegare vore arrangert fleire større stemne for gjetarhunbdekvipasjane lokalt. Mellom anna har det vore noregsmeisterskap i Follestaddalen.

<strong>Imponerte:</strong> Atle Arnesen, Odd Bjarne Bjørdal og Knut Hustad let seg imponere over kvaliteten på gjetarhundane.