Frank Sve trekker seg frå topplasseringa på nominasjonslista til Frp til stortingsvalet neste år. Det melder smp.no.

Det vart kamp om dei to øvste plassane for Framstegspartiet i Møre og Romsdal etter at Harald Tom Nesvik kunngjorde at han ikkje tek attval tidlegare i haust.

Frank Sve, Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug ville alle vere i toppen av lista. Det heile tok ei overraskande vending då nominasjonskomiteen foreslo Sve på førsteplass, følgt av Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale.

- Det vart ein klein situasjon at vi skulle drive kamp mot hverandre, seier Sve til smp.no.

Dermed ligg det meste til rette for dei to statsrådane Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale i toppen av Frp-lista.