– Vi har sett ein kraftig auke i marknaden den siste tida, seier produksjonsplanlegg Kjell Idar Saure i Tussa Energi til Møre-Nytt.

Målestasjonen på Eitrefjell har ikkje registrert nedbør sidan 4. oktober. Då kom det 0,3 mm. 1. oktober var den siste dagen med store nedbørsmengder. – Det har vore lite nedbør i heile Skandinavia, og det påverkar prisen mykje. Også i Sverige, som er viktig for vårt prisområde, har det regna lite. Vi importerer i stor grad dei svenske prisane, forklarer Saure.

36,9

Prisen har gått opp frå rundt 20 til over 35 øre per kilowattime. Måndag føremiddag låg han på 36,9 øre per kWh.

– No er produksjonen i Skandinavia på eit slikt nivå at vi importerer kraft frå Tyskland på dagtid. Vi nærmar oss også prisnivået i Tyskland. Seinare denne veka er det venta regn for første gong på vekevis. – Men det er ikkje mykje nedbør som er varsla, og utviklinga etter opninga i dag er framleis stigning, seier Saure, som følgjer nøye med på kraftbørsen Nordpool.

– Likevel så er det venta at mykje av nedbøren kjem i vårt område, og det kan påverke prisen.

Positivt for Tussa

For Tussa Kraft fører sjølvsagt dei låge nedbørsmengdene til lågare produksjon, men konsekvensen for botnlinja til selskapet er ikkje nødvendigvis negativ, ifølgje Saure.

– Når prisen går opp, tener vi meir pengar for straumen vi faktisk produserer. No køyrer vi kraftverka berre når vi får best betalt for straumen, og det er på dagtid. Med prisar rundt 20 øre er innteninga lågare, sjølv om produksjonen gjerne er mykje høgare.

Høgare nivå gjennom vinteren

Prognosane no viser at straumprisen skal ligge om lag på dagens nivå gjennom vinteren.

– Men det er klart at dersom vi får ein heilt knusktørr vinter, så kan vi få ganske høge straumprisar. Likevel har vel vi vestlendingar har vel god tru på at det kjem regn igjen også denne gongen. Og om mykje kjem som snø, så får vi iallfall auka produksjon når vårløysinga kjem, seier Kjell Idar Saure.

Meir stabilt med ny linje

I desember blir den nye kraftlinja Sogndal og Ørskog kopla på straumnettet. Linja, som mellom anna går gjennom Ørsta og Volda, skal gjere kraftsituasjonen på Nordvestlandet og i Trøndelag meir stabil.

– Den vil føre til at vi får større tilgang på kraft også denne vegen, og vil nok også gjere prisane meir stabile.

<strong>Produserer mindre:</strong> Kraftverka til Tussa produserer mindre som følgje av lite nedbør. arkivfoto