Mannskapet har gått han nordover frå verftet i Spania.

I dronefilmen over kan du sjå nærare på skuta, som har fått fiskeriregistrering M-7-VD. Filmen er teken opp under seglasen frå Eggesbønes i Herøy til Ålesund.

Knut Vartdal, Atle Vartdal og Erlend Vartdal eig 35 prosent av Ramoen AS gjennom selskapa sine, medan den familieeigde Herøy-bedrifta Eros AS eig dei resterande 65 prosenta. Per Magne Eggesbø er administrerande direktør, medan Knut Vartdal er styreleiar.

Komande laurdag blir trålaren døypt i Ålesund. Les mykje meir om båten i Møre-Nytt og på morenytt.no seinare i veka.

Video: www.uavpic.com