Berre Nesset og Rindal toppar lista over Ørsta når det kjem til legemeldt sjukefråvær blant dei 36 kommunane i Møre og Romsdal. Volda ligg på 27.plass. Litt over åtte prosent av arbeidstakarane i Ørsta hadde legemeldt sjukefråvær i 1. kvartal i år.

Det legemelde sjukefråværet i Møre og Romsdal var ved utgangen av 1. kvartal 2016 på 6,6 prosent. Det er ein auke på 0,8 prosent frå same tidspunkt i 2015. For landet totalt var utviklinga motsett. Her var det ein reduksjon i det legemelde fråværet på 2,3 prosent. Samla var det legemelde sjukefråværet i Noreg 6,2 prosent ved utgangen av mars i år. Dette talet gjeld også for Volda.

– Kvifor det er så høgt i Ørsta kan eg ikkje seie noko bestemt om, men det er lett å tenke seg at det kan ha noko med ein vanskeleg arbeidsmarknad å gjere, seier NAV-leiar Eli Grøtta.

Ho viser til at ein pressa arbeidsmarknad, med permisjonar og oppseiingar kan generere sjukmeldingar.

– Vi har fleire arbeidsledige i dag enn vi hadde på same tid i fjor. Vi merkar det godt på offshore- og oljebransjen. Mange i Ørsta har jobbar ute i øyane, og det kan vere at sjukmeldingar er relatert opp mot korleis arbeidssituasjonen til den enkelte er, seier ho.

At Volda ligg såpass langt nede på lista, samanlikna med Ørsta, trur Grøtta har med kva typar arbeid dei to kommunane kan tilby.

– I Volda er ting meir stabilt med fleire offentlege arbeidsplassar. Dei opplever ikkje i like stor grad dei svingingane i marknaden som andre kan gjere. Ørsta og Volda har svært ulike næringsstrukturar.

Det er mennene i Møre og Romsdal som står for auken i sjukefråvær. Auken var på 1,7 prosent. For kvinnene var det ein reduksjon i sjukefråvær frå 2015 (1. kvartal) til 2016 (1. kvartal) på 2,3 prosent. Men framleis er det kvinnene som har høgast sjukefråvær, med eit fråvær på 8,7 prosent mot 4,7 prosent for menn. Tilsvarande tal for landet totalt var 8,1 prosent for kvinner og 4,4 prosent for menn.

Legemeldt sjukefråvær i Møre og Romsdal varierer frå 4,9 prosent i Sunndal til 8,6 prosent i Nesset. Ni kommunar har lågare fråvær enn landsgjennomsnittet, mens fem kommunar har over åtte prosent. 21 av kommunane i fylket hadde auke i det legemelde sjukefråværet frå 2015 (1. kvartal) til 2016 (1. kvartal).